Lommelyktstur 16 .november 16.30 Harpefossen ved skiskytter stadion

Fellestur

Dato
16. november kl. 16:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Bteid, Barnasturlageid
Arrangører
Barnas Turlag Eid, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Årets siste fellestur blir laurdag 16. november med lommelykttur og premieutdeling for årets Turbotrim!

Vi møtast på p-plassen ved skiskytter stadion på Harpefossen kl 16:30 og går oss ein tur skogsområdet. Turen blir merka med refleksar slik at alle finn fram. Etter turen blir det premieutdeling for Turbotrimmen. Det blir premie til dei som har levert kortet innan fristen og har betalt medlemskap i turlaget for 2019. Vi fyrer opp i bålpanner. Ta med eigen mat som kan grillast om du ønskjer det, og gjerne laurdagsgodteri :-)  Viktig at ALLE har på seg refleksvest. Hugs også lykt og eigen kopp (det kan hende vi serverar pop-corn frå bålpanna og då treng alle noko å ha det i). 

Det er ca. 70 medlemmar som har delteke på Turbotrimmen i år, så her trur vi det kjem mange! 

Du er sjølvsagt velkomen om du ikkje har vore med på Turbotrim eller ikkje er medlem. Turane våre er opne for ALLE!

Hugs at foreldre/føresette har ansvar for eigne ungar på alle Barnas turlag sine turar og aktiviteter.

Skulle det plutseleg bli snø og vanskelege forhold å gå på beina i, må vi endre stad, det vert i så fall annonsert på FACEBOOK-sida vår.

Lommelyktstur 16 .november 16.30 Harpefossen ved skiskytter stadion

Årets siste fellestur blir laurdag 16. november med lommelykttur og premieutdeling for årets Turbotrim! Vi møtast på p-plassen ved skiskytter stadion på Harpefossen kl 16:30 og går oss ein tur skogsområdet. Turen ...