Blåistur i Haugabreen

Fellestur

Dato
29. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Mnt, Haugabreen
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Tur i blåisen i Haugabreen

Det å gå med stegjarn, isøks og tau i ein blåisbre er ei spesiell oppleving. Tidlegare var det høve til å få seg ein tur i blåisen med guide både i Briksdalsbreen, Brenndalsbreen og  Bødalsbreen. Sistnemde var og i mange år nytta som kursbre for ulike brekurs. Ingen av desse breane kan lenger nyttast til turar grunna stor smelting.

Haugabreen i Stardalen, som er ein brearm av Myklebustbreen,  ligg noko høgare og er framleis ideell for ein tur i blåisen. Denne breen er «snill» bre som er enkel å kome inn på, og ein kan velgje å gå turar av ulik vanskegrad. Turen vi skal gå er ein enkel tur.

Breførarar møter ved Chatlet Sandane, og det blir felles avreise kl 08.00. Vi brukar ca ein time å køyre opp til parkeringsplassen ved Haugastøylen på ca. 600 moh. (Bompengar)

Der vil alle få utdelt breutstyr, og vi vil tilpasse breutstyret til kvar deltakar. Turen startar med at vi går innover Haugadalen i 30 – 40 min, so stig stien bratt opp ca. 300 høgdemeter til det nivået Haugabreen ligg på, som er ca. 900 moh.

Ved kanten av breen har vi ei matøkt, og vi tek på oss personleg breutstyr  før vi blir knytte inn i to taulag.

Vi startar med ei roleg vandring oppover breen. Første delen av turen er svært enkel vandring. Når vi kjem til «basecamp» i breen, vil vi dele gruppa i to der eit taulag får prøve enkel isklatring (dei som vil) , medan den andre gruppa går lenger opp i breen for å utforske ulike breformasjoner. Vi vil totalt gå 150 – 200 høgdemeter i blåisen i eit svært rolig tempo.

Etter lunch bytter gruppene, slik at begge grupper får prøve isklatring og utforske breen.

Det er viktig å ha med seg godt med kle på ein tur i blåise.  Lue, hanskar, solbriller og solkrem er obligatorisk. Gode fjellsko er og viktig.

Vanligvis vil turen tur/retur Sandane ta ca 10 timar.

Påmelding via mnt.dnt.no. Turen er gratis for medlemmar, kr 150 for andre. Betaling via vipps/bankoverføring.

Kontaktperson og turleiar er Steffen Sandene, telf. 91558465, innan 28.august kl. 18.

Blåistur i Haugabreen

Tur i blåisen i Haugabreen Det å gå med stegjarn, isøks og tau i ein blåisbre er ei spesiell oppleving. Tidlegare var det høve til å få seg ein tur ...

Kontaktinformasjon:

  • Steffen Sandene
  • Tlf. 91558465

Turleder:

  • Steffen Sandene