Jardalen rundt

Fellestur

Dato
13. september kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Dauremål, Jardalen, Svartekari, Tverrfjellet, Storevarden
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Turen startar på parkeringsplassen i Jardalen, der vi går forbi bommen og følgjer bilvegen opp til Søreidsstøylen. Frå Søreidsstøylen går vi på merka tursti oppover mot Daurmålsnibba (1135 moh) med flott utsikt.

Etter ein pause her går vi vidare i lett kuppert terreng mot Storevarden. Etter å kryssa Lisbetdalen tek vi oss litt bratt opp til ein rygg som vi følgjer heilt til Storevarden (1409 moh) som er toppunktet på turen. Her får vi ein fantastisk utsikt i alle retningar. Turen går deretter nedover i forholdsvis bratt men lett terreng til Søreideskaret. Her er merka sti, men denne kan vere litt vanskeleg å sjå enkelte plassar. Siste delen ned til skaret teke ein seg ned eit noko bratt parti der det er lagt fram tau som ein kan halde seg i. Partiet er litt luftig men ikkje noko problem for folk flest å passere. Her må ein vere forsiktig for å ikkje løyse ut stein ned til den som går framfor seg.

Frå Søreideskaret tek ein seg opp på Tverrfjellet i fint stigande terreng. Når ein kjem opp på platået ventar eit godt stykke svakt nedoverstigande og dels steinete terreng. I september er det vanlegvis lite att av snøbreane ein går over tidlegare på våren og sommaren. Om veiret er bra vil vi ta ein stopp på Fagredalsreset kor det er panoramautsikt ned mot Fagredalen og mot Blådalen.

Vidare går ein frå Tverrfjellet nedover i retning Svartekari der det nyleg er blitt remerka. Her er det først ein lengre nedstigning før ein får ei slakk oppstigning mot Svartekari (1220 moh). Her er det flott utsikt ned til Langedalen og mot Gloppefjorden. Etter ein stogg her går vi nedover mot Mardalsstøylen og langs elva ned til parkeringsplassen.

Bli med på ein flott turlagstur i Gloppen-fjella! 

MNT brukar SjekkUt og på turen får du registrert fleire postar som er på sikteskiva på Haugsvarden

Turen er gratis, bortsett frå at deltakarane spleisar på køyring og bompengar.

Vi samlast kl 8:30 på Chatlet Sandane for samkøyring.

Jan Erik Mardal er turleiar og kjentmann.

Jardalen rundt

Turen startar på parkeringsplassen i Jardalen, der vi går forbi bommen og følgjer bilvegen opp til Søreidsstøylen. Frå Søreidsstøylen går vi på merka tursti oppover mot Daurmålsnibba (1135 moh) med ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Erik Mardal
  • Tlf. 975 33 858

Turleder:

  • Jan Erik Mardal