Gåsa - Hyeneshesten

Fellestur

Dato
23. august kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Gåsa, Hyeneshesten
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Vi kryssar Hyefjorden i båt før vi kan starte turen frå kaia i Skjerdalen. 

 

Når ein kjem opp i tunet, tek ein til venstre, over ei bru og ein kjem inn på skogsvegen første halvdel av turen inn dalen. Når skogsvegen tar slutt held ein litt til høgre og går over nok ei bru før ein fortset på sti inn mot Skjerdalstøylen.

 

Vidare går ein forbi støylen, innover dalen på ein sledeveg. Ein går på denne vegen til ein er nesten inne ved Skjerdalsvatnet. Då kan ein sjå ei elv som kjem ned på høgre side av dalen, vi set då kursen oppover til høgre frå vegen, over ei myr mot nokre store steiner som ligger oppunder dalsida. 

 

Råsa oppover startarn på baksida av desse steinane, litt utydelig i starten, men vert meir synleg etterkvart. Ein går då oppover på ein bratt rygg/rabb oppover på høgresida langs elva, så nær at ein ser i elva av og til.

 

Etter ca ein time rett opp kjem ein opp i Fagredalen. Råsa går innover langs kanten og ein kjem inn til ei storsteinete ur. Ein kroker seg gjennom ura og oppunder ein bergvegg, og vidare oppover på ein ny rygg. 

 

Vi fortset rett oppover til vi ser Svartevatnet. Etterkvart ser ein Hyeneshesten. 

 

På høgre side kjem  Gåsa til syne, og når vi kjem opp der har vi fantastisk utsikt over Skjerdalsbotnen, mot Hestenesøyra og vidare innover mot Gloppen og Nordfjorden.

 

Når ein går vidare til Hyeneshesten held ein litt til venstre, der vi finn ei trygg rute mot toppen. 

 

Etter ein god pause på toppen med fantastisk utsikt returnerer vi til Hyeneset. På vegen mot Hyeneset skal vi forsere Gåsebakkane, her kjenner nokre på høgdeskrekk. Bilde av Gåsebakkane er i bildegalleriet. Turen blir avslutta med transport over fjorden, tilbake til Hestenesøyra. 

 

Vi har avgrensa tal pga båtskyss og terreng. Dei som ikkje er medlemmar betalar kr 150,- (medlemmar gratis). Betalingsinfo blir tilsendt etter turen.

 

Oppmøte på parkeringsplassen på Hestenesøyra, skilta Øyra når du kjem til Hestenesøyra.

 

I 2018 gjekk turen i fint ver. Då starta vi å gå ifrå Skjerdalen ca kl 9:30 og brukte ca 1,5 time inn, før vi starta på bratta. Ei kort matpause vart det før vi tok bakkane på ca 1 time opp til Fagredalen. Her rasta vi litt før vi tok til på steinura. Vi starta nedturen frå Hyeneshesten kl 15, og var i Hyeneset litt over kl 19. Totalt ca 16 km og vel 1300 høgdemeter.

 

Turen kan bli avlyst om vermeldingane er "dårlege".

 

Velkomne på turlagstur!

 

Gåsa - Hyeneshesten

Vi kryssar Hyefjorden i båt før vi kan starte turen frå kaia i Skjerdalen.    Når ein kjem opp i tunet, tek ein til venstre, over ei bru og ein kjem ...

Kontaktinformasjon:

  • Martin Per Mettenes / Jonny Ravnestad
  • Tlf. 95133353 / 99357737

Turledere:

  • Martin Per Mettenes
  • Jonny Ravnestad