BC: Prøv stisykling- og overnatting i hengekøye med DNT ung!

Arrangement

Fra dato
30. juni kl. 13:00
Til dato
1. juli kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Arrangement, Basecamp, Stisykling, Hengekøye
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, DNT UNG Midtre Nordfjord , Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Vil du prøve stisykling og sove i hengekøye? Bli med på arrangement med Midtre Nordfjord turlag- ung! 

 

Sykling
Bli med å prøve sitsykling på Sandane sine flotte sykkelløyper! Det vert sykling saman med ein lokal syklist, som viser oss dei beste løypene.
Det vert høve til å låne sykkel, Sogn og Fjordane Turlag tar med 10 fine hard-tail sykler som du kan låne på arrangementet. Her kan alle være med, dersom du har sykla før, eller om du er heilt nybegynnar. Møt opp på parkeringa til Nordfjord FHS kl 13.00! Syklinga vil foregå frå ca kl 13.00-18.00. 

Usikker på kva stisykling er?
Sjå film frå rå sykling på Sandane her: https://www.terrengsykkel.no/stisykling/nordfjord/baerekraftig-sykkelsatsing-i-gloppen 

 

Overnatting i hengekøye
Du kan også bli med Marie Sørum frå DNT ung Sogn og Fjordane på overnatting i hengekøye på tin-campen! Vi har hengekøyer til utlån, dersom du vil prøve! Det vert felles middagsmåltid på bål, og vi har det sosialt og koser oss utover sommernatta i campen. Vil du bli med å sove i hengekøye kan du møte oss på parkeringa til trivselsskogen kl 18.00. Det vert nedrigg kl 09.00 morgon etter, ta med eigen frokost og eventuelt kveldsmat/snacks. 

Her kan du se ein enkel introduksjon til korleis ein sover i hengekøye ute: https://www.youtube.com/watch?v=zw3cJ9Fr8ps 
Pakketips: https://www.tursostre.no/2017/08/16/pakkeliste-til-en-natt-i-naermarka/ 

 

Praktisk: Det er kun 18 plassar, pga smittevernsreglane nå om dagen. Derfor har vi påmelding og venteliste. Gi beskjed så fort som mogleg dersom du ikkje har høve å bli med alikevell. Dersom du føler deg sjuk ber vi deg om å være heime. Dersom to deltakarar må dele sykkel har vi med antibac for overflate som vi brukar mellom. VI ynskjer at deltakarar som har - tar med eiga hjelm. Ved tin-campen vert det felles gryterett, som arrangør lagar (viruset dør ved varme over 60 grader). Det vert servering, og deltakarane må ta med eiga matskål, bestikk og drikke. Vi deler ikkje mat-utstyr. Vi ynskjer også at alle deltakarar tar med seg eiga antic. Ved overnatting i hengekøye sover deltakarane i hengekøye med avtand. 

BC: Prøv stisykling- og overnatting i hengekøye med DNT ung!

Vil du prøve stisykling og sove i hengekøye? Bli med på arrangement med Midtre Nordfjord turlag- ung!    Sykling Bli med å prøve sitsykling på Sandane sine flotte sykkelløyper! Det vert ...

Kontaktinformasjon: