Sunndalsnipa (1396 moh)

Fellestur

Dato
4. juli kl. 09:15
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Vi går ifrå parkeringsplassen ved vegen,  og går ca 200 meter til demninga (Grøndalsvatnet).

Der går det ein sti på høgre sida av elva. Følg denne opp til Lisjedalsvatnet. Derifrå går ein vidare i same retning, og følgjer ryggen opp til toppplatået.

Ein går vidare inn til varden (1396 moh), på kanten mot Sunndalen. Her er det litt luftig, med omlag 1000 meter rett ned til vatnet i Sunndalen.

Sunndalsnipa er ein av turane på SjekkUt som vi ser ifrå sikteskiva på Haugsvarden.

Ein har eit flott utsyn frå toppen!

 

Oppmøte på Rutebilstasjonen på Nordfjordeid ca kl 09:15 (Ferje Anda-Lote kl 09). Frå Eid køyrer vi E39 til Fossebakken og tar av  på 5744 til Heggja, deretter inn på 5794 litt forbi grensa til Møre. 

Turen går i roleg turtempo, vi reknar med å bruke 3-4 timar opp, 2-3 timar ned att.

Turen er gratis.

Velkomne til turlagstur!

Sunndalsnipa (1396 moh)

Vi går ifrå parkeringsplassen ved vegen,  og går ca 200 meter til demninga (Grøndalsvatnet). Der går det ein sti på høgre sida av elva. Følg denne opp til Lisjedalsvatnet. Derifrå ...

Kontaktinformasjon:

  • Rune Heggen
  • Tlf. 40403724

Turleder:

  • Rune Heggen