St. Sunneva-hornet er tidlegare Vågsøy kommune sitt høgste fjell med 689 moh. Kommunegrensa mellom Kinn og Stad går over toppen. Til topps går ein på merka sti frå Almenningsfjellet gjennom Austadalen. Det er jamn stigning, med nokre flate parti innimellom og ikkje bratt. Frå toppen av fjellet er det flott utsyn, mot Gjegnen, Nordfjorden, Selje, Stadlandet og Møre. Turen er i underkant av 4 km, med ca 550 høgdemeter stigning totalt, og det tek omlag 4 timar tur/ retur i roleg tempo med innlagde pausar. Det er våte parti undervegs, så det er naudsynt med sko som tåler væte.
Toppen er ein av dei i overkant 60 toppanesom ein kan finne på sikteskiva på Haugsvarden, for dei som smalar på SjekkUt - toppar...