NORDFJORDEGGA - frå Ryggjastøylen til Eikenes i Gloppen

Fellestur

Dato
12. september kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Nordfjordegga
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Gå i Gloppe-fjella, nyt naturen og den storslåtte utsikta!

Turen startar i Traudalen, men vi møter opp på Chatlet kl 09:00 for eventuell samkøyring.

Der er bilveg til Ryggjastøylen der vi startar gåinga. Turen er merka frå parkeringsplassen til Berdalsegga/Morafta. Motsatt veg frå Eikenes på Hestenesøyra til Eikeneshesten.

Når ein har fått høgda på Morafta er det kupert derifrå, men fint å gå. Dette er av den breie type egg. Dei som slit med høgdeskrekk kan få ei utfordring ned ifrå Eikeneshesten til Hestenesøyra, men dei fleste taklar turen fint.

Fin utsikt mot Sandane og Breim, med breen i bakgrunnen. Etterkvart som ein går utover Nordfjordegga ser ein 3 fjordar som møtast. Hyefjorden på venstre sida, Gloppefjorden på høgre og med Nordfjorden rett framfor seg. Å stå på Eikeneshesten å nyte utsikta mot Hyeneshesten og Gjegnen er og heilt spesielt.

Gratis for medlemmar, kr 100 for dei som ikkje er medlemmar. Vi ordnar transport tilbake frå Hestenesøyra for sjåførar av bilar.

Vi vurderer vermeldingane etterkvart, no ser det ut til at meldingane er bra, men litt vind. Uansett er det lurt å ha  med rikeleg kle på tur :-)

Turtid ca. 6-7 timar.

Velkomne!

NORDFJORDEGGA - frå Ryggjastøylen til Eikenes i Gloppen

Gå i Gloppe-fjella, nyt naturen og den storslåtte utsikta! Turen startar i Traudalen, men vi møter opp på Chatlet kl 09:00 for eventuell samkøyring. Der er bilveg til Ryggjastøylen der ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Nik Hansen
  • Tlf. 41426679