Blåegga - Holmøyskaregga frå Blakset

Fellestur

Dato
29. august kl. 08:15 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dnt, Dntsenior, Mntsenior
Arrangører
Midtre Nordfjord Senior, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Fottur for seniorar og dei som likar å gå i eit roleg tempo til Blåegga (1049) og Holmøyskaregga (1064)

Turen startar på parkeringsplassen nedafor støylen på Raudfjell. Vi går på veg frå parkeringsplassen opp til støylen. Derifrå følgjer vi råsa opp lia (350høgdemeter) til Blåfjell 1037. Frå Blåfjell går vi på høgdedraget utover til Holmøyskaregga. Etter ein pause på Holmøyskardegga går vi eit lite stykkje tilbake, tek av frå råsa og går nedover på sørsida av egga. Nede i Skaret kjem vi til murane av ein nedlagd støyl. Vi held fram nedover i Skaret tilbake til støylen på Raudfjell og ned til parkeringsplassen. Vi brukar 4-5 timar på turen, litt avhengig avkormange pausar turleiaren legg inn. (Dette er turen som i turprogrammet som ved ein feil står oppført som tur til Blåegga frå Hopland).

Oppmøte Stil- stova klokka 08.15

Ferje Anda - Lote klokka 08:40

For å kome oss til støylen på Raudfjell køyre vi til ungdomshuset på Blakset. Der tek vi av og køyre vegen mot Nygård og vidare oppover til parkeringsplassen på Raudfjell. Det er bomveg. Den kostar 40 kroner (kun kontant betaling).

Blåegga - Holmøyskaregga frå Blakset

Fottur for seniorar og dei som likar å gå i eit roleg tempo til Blåegga (1049) og Holmøyskaregga (1064) Turen startar på parkeringsplassen nedafor støylen på Raudfjell. Vi går på veg ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bente Ellingvåg