16 støylar i Breim - som perler på ei snor

Fellestur

Dato
8. august kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Støylstur
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag, Breimsbygda Idrettslag ,
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Trimgruppa i Breimsbygda Idrettslag og Midtre Nordfjord Turlag går i lag om å arrangere ein flott støyl til støyl tur frå Utviken til Hunskårsstøylen.

Oppmøte: parkeringsplassen på Utvikfjellet, søndag, 8.8. kl. 10.00

På turen kjem vi innom alle 16 støylane frå Feldestøylen til Hunskårsstøylen og ned til Høygarden. Vi går både på veg, rås og i lett terreng i passeleg fart. Når vi stoppar ved støylane kan dei som ynskjer bidra med kulturhistoriske fakta. 

Turen er på ca 15 km og pleier å ta ca. 5 timar. Turen passar for alle som er vande med å gå litt lengre turar. 

Turen er gratis, men skyss kostar 75 kr. Vipps til  #101496, merk med turavgift eller til kontonummer 3710 07 00248.

Vi treng påmelding frå dei som treng skyss frå Høygarden tilbake til Utvikfjellet. Påmelding til Sabine Exner på sms til nummer 480 53 040 innan freag kl 18:00.

Turen vert avlyst ved mykje regn eller avkorta dersom vassføring i den siste elva blir for stor. Følg med på nettet på BBIL si heimeside og trimgruppa si FB-side, i tillegg til Midtre Nordfjord Turlag sine sider.

16 støylar i Breim - som perler på ei snor

Trimgruppa i Breimsbygda Idrettslag og Midtre Nordfjord Turlag går i lag om å arrangere ein flott støyl til støyl tur frå Utviken til Hunskårsstøylen. Oppmøte: parkeringsplassen på Utvikfjellet, søndag, 8.8. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Sabine Exner