Jolhornet - topptur i Sunnmørsalpane - dato ikkje endeleg

Fellestur

Dato
18. juni 2022 kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Jolhornet, Mnt
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag

Vi Køyrer til Bjørke. Vidare til Finnes og gjennom gardstunetog ta oppover vegen mot Bakkedalen. Bompengar eit stykke etter gardstunet. Vi køyrer litt forbi Bakkedalssætra og parker der.

Vi  finn merkeband som går i retning Sledalen. Råsa er til dels dårleg merka i den tette bjørkeskogen og når ein kjem til elva som kjem ned Litledalen so er det enklast å fylgje på venstre side av elvafaret oppover Litldalen. Etterkvart minkar det med vegetasjon og det vert lettare å kome seg oppover til skaret. Frå skaret tek ein til høgre oppover ura til det som ser ut til å vere toppen.

Her er det fint å ha ein pause før ein tek til på siste og krevande del av turen. Ein må ned ein liten hammar og det er skrått og ofte vått der ein skal kome ned. Difor må ein ha sele og tau her slik at ein kan sikre trygg ferdsel. Endå ei lita utfordringar vidare bort til toppen, men der går det greit utan tau. Turlaget har med sikringsutstyr, og kvar enkelt bestemmer sjølve om ein vil på sjølve Jolhornet, eller om ein er nøgde med topper rett ved sida av.

Same rute på retur og bruk av tau for å kome seg opp det vesle oppsteget før ein kan returnere same veg til Bakkaedalssætra. Flott utsikt til mange av Sunnmørsalpane☺

Velkomne på turlagstur

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Dag Apalseth