Skitur med Vegard - AVLYST

Fellestur

Fra dato
4. mai kl. 17:00
Til dato
5. mai kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Mnt
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Skitur frå Gjengedal til Sandane med MNT.

Avreise frå Sandane fredag 4. mai kl 17.00. Retur til Sandane laurdag 5. mai ca. kl 17.00.

Vi køyrer til Dalheim og går opp til Storevatnet og Pettersenhytta/Dalelia og overnattar. Der er dyner, puter og sengar, så lakenpose er nok.

Pr. 1. mai er det rikeleg med snø frå Dalheim, det er kun over bruene der er bart.

Der et vi felles middag og overnattar til laurdag morgon.

Vi  går via Holsegga, Sessegga og Berdalsegga tilbake.

Skituren går i eit veldig flott skiterreng og er ei unik moglegheit til å kjenne på vårskitur på sitt aller beste. Turen passar fint både med fjellski og randoneeutstyr. (Langfeller er nødvendig utstyr)

Det er ein litt under 20 km lang skitur på laurdag. For å gå turen må du vere vand med fjellski eller anna skiutstyr som passer. Du treng ikkje å vere i spesielt god form eller nokon ræser på ski.

Vi køyrer privatbilar til Dalheim. Kvar enkelt betalar overnatting/transport ca. kr 150 for medlemmar, kr 250 ikkje medlemmar. Betalingsinfo sender vi til deltakarane på SMS etter turen.

Turen kan bli avlyst om det er dårlege vermeldingar.

Velkomne på skitur!

 

 

 

 

 

 

 

 

Skitur med Vegard - AVLYST

Skitur frå Gjengedal til Sandane med MNT. Avreise frå Sandane fredag 4. mai kl 17.00. Retur til Sandane laurdag 5. mai ca. kl 17.00. Vi køyrer til Dalheim og går ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Vegard Fagerli