Gåsa - dronninga har vore der, har du?

Fellestur

Dato
12. august kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Gåsa, Hyeneshesten
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Vi kryssar Hyefjorden i båt før vi kan starte turen frå kaia i Skjerdal. 

 

Når ein kjem opp i tunet, tar ein til venstre, over ei bru og ein kjem inn på skogsvegen første halvdel av turen inn dalen. Når skogsvegen tar slutt holder ein litt til høgre og går over nok ei bru før ein fortsetter på sti inn mot Skjerdalstøylen.

 

Videre går ein forbi støylen, innover dalen på ein sledeveg. Ein går på denne vegen til ein er nesten inne ved Skjerdalsvatnet. Då kan ein sjå ei elv som kjem ned på høgre side av dalen, vi setter då kursen ut til høgre frå vegen, over ei myr mot nokre store steiner som ligger oppunder dalsida. 

 

Råsa oppover starte på baksida av desse steinene, litt utydelig i starten, men blir meir synlig etter kvart. Ein går då oppover på ein bratt rygg/rabb som går oppover langs elva, så nær at ein ser i elva av og til.

 

Etter ca ein time rett opp kjem ein opp i Fagredalen. Råsa går innover langs kanten og ein kjem inn til ei storsteinete ur. Ein kroker seg gjennom ura og oppunder ein bergvegg, og vidare oppover på ein ny rygg. 

 

Vi fortset rett oppover til vi ser Svartvatnet. Etterkvart ser ein Hyeneshesten. 

 

På høgre side kjem  Gåsa til syne, og når vi kjem opp der har vi fantastisk utsikt mot Hestenesøyra og videre innover mot Gloppen og vidare innover Nordfjorden.

 

Når ein går videre til Hyeneshesten holder ein litt til venstre, der vi finn ei trygg rute mot toppen.

 

Etter ein god pause på toppen med fantastisk utsikt returnerer vi til Hyeneset. På vegen mot Hyeneset skal vi forsere Gåsebakkane, her kjenner nokre på høgdeskrekk. Bilde av Gåsebakkane er i bildegalleriet. Turen blir avslutta med transport over fjorten, tilbake til Hestenesøyra. 

 

Vi har avgrensa tal pga båtskyss og terreng. Dei som ikkje er medlemmar betalar kr 150,- (medlemmar gratis). Betalingsinfo blir tilsendt etter turen.

 

Oppmøte på parkeringsplassen på Hestenesøyra, skilta Øyra når du kjem til Hestenesøyra.

 

I 2018 gjekk turen i fint ver. Då starta vi å gå ifrå Skjerdalen ca kl 9:30 og brukte ca 1,5 time inn, før vi starta på bratta. Ei kort matpause vart det før vi tok bakkane på ca 1 time opp til Fagredalen. Her rasta vi litt før vi tok til på steinura. Vi starta nedturen frå Hyeneshesten kl 15, og var i Hyeneset litt over kl 19. Totalt ca 16 km og vel 1300 høgdemeter.

 

Turen kan bli avlyst om vermeldingane er "dårlege".

 

Velkomne på turlagstur!

 

 

Gåsa - dronninga har vore der, har du?

Vi kryssar Hyefjorden i båt før vi kan starte turen frå kaia i Skjerdal.    Når ein kjem opp i tunet, tar ein til venstre, over ei bru og ein kjem ...

Kontaktinformasjon:

  • Martin Per Mettenes
  • Tlf. 95133353

Turledere:

  • Jonny Ravnestad
  • Martin Per Mettenes