Bli med på Skruven (1584 moh) - flott tur på Sunnmøre

Fellestur

Dato
16. september kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Skruven
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Ferje frå Anda 08:20. Frammøte Rutebilstasjonen Nordfjordeid 08:40.

Vi vel den kortaste ruta som er frå Moldskreddalen. Vi køyrer opp frå Rindal like etter skiltinga for Hellesylt på Honndalsida. Vidare er det skilta med brannstasjon og barnehage. Etter nokre svingar oppover kjem vil til bomvegen. Det er 40 kr i bompengar. Vi køyrer bomvegen heilt til endes, der vi til sist kryssar elva og parkerer ved Bygdastølen om lag 460 m.o.h.  Fotturen startar derifrå i 10-tida.

Ruta vart sjekka opp den 29/8-2018.

Vi går på sti innover dalen og følgjer stort sett fjellryggen oppover mot Litleskruven. På grunn av stor avsmelting er det ikkje god snø å fota seg på, så vi skal gå heilt oppunder Litleskruven der snøbreen endar/flatar ut før vi kryssar over. Dette betyr litt meir bratt og krevjande terreng enn normalt. Men samstundes kjem vi så høgt at det ikkje blir nokon stor omveg stikka oppom Litleskruven på veg opp. Så nedover og opp til Skruven.

Det blir mykje steinurd å gå på spesielt den siste halvdelen opp til Litleskruven og vidare heilt til Skruven. Nærast snøbreen kan det også vera mange lause steinar sidan urda der ikkje har fått sett seg skikkeleg. Vi følgjer om lag den same ruta ned att som vi nytta opp.

Vi reknar med at fotturen vil ta om lag 4 timar kvar veg.

 

Bli med på Skruven (1584 moh) - flott tur på Sunnmøre

Ferje frå Anda 08:20. Frammøte Rutebilstasjonen Nordfjordeid 08:40. Vi vel den kortaste ruta som er frå Moldskreddalen. Vi køyrer opp frå Rindal like etter skiltinga for Hellesylt på Honndalsida. Vidare ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Gunnar Bjørlykke