Geitenyken (1643 moh) - høgste toppen i Gloppen som ikkje er bredekt/grensefjell

Fellestur

Dato
13. juli kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Geitenyken
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Ferje frå Lote 7:40. Fotturen startar frå parkeringa på Sandal i Myklebustdalen 08:30.

Vi går traktorvegen opp på austsida av Timbra til over skoggrensa. Dette tek om lag ein time. Deretter i retning mot Geitenyken. Det blir ein matpause på ein høveleg stad før vi startar på oppstigninga mot toppen.

Vi følgjer i houvdsak fjellryggen oppover, men vekslar frå side til side for å finna dei beste stadene å ta oss opp. Underlaget er vesentleg steinurd, aur og fast fjell. Heile oppturen reknar vi til ta litt over 4 timar.

På høgda har vi fleire alternativ etter ei matpause.

Utsiktsvarden på 1621 m.o.h. vil ha den beste utsikta, medan det verkelege toppunktet på 1643 m.o.h. ligg 450 m lenger inne på fjellet.

Deretter kan vi anten velja å gå nordaustover til ein artig fjelltopp som stikk opp av breen med vindgrop rundt, eller vi kan gå sørover på tvers av nokre ryggar så langt at vi får betre utsikt mot Snønipa. Kva som kan bli valt vil naturleg nok bli påverka av vêrtilhøva og av kva som er trygt i høve til breen. Til sist blir det same vegen ned att til Sandal og parkeringa.

 

 

Geitenyken (1643 moh) - høgste toppen i Gloppen som ikkje er bredekt/grensefjell

Ferje frå Lote 7:40. Fotturen startar frå parkeringa på Sandal i Myklebustdalen 08:30. Vi går traktorvegen opp på austsida av Timbra til over skoggrensa. Dette tek om lag ein time. ...

Kontaktinformasjon:

  • Gunnar Bjørlykke
  • Tlf. 57865989