Årdalsstøylen - Bøafjellet

Fellestur

Dato
25. august kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Rundtur, Mnt, Bøafjellet
Arrangører
Midtre Nordfjord Senior, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Årdal i Breim er utgangspunkt for denne turen.

Turen startar på Årdalsstøylen, dit er det bilveg. Fotturen går rundt Blåfjellet. Randi Reed blir med som kjentperson.

Følg med på her eller på facebook for oppdateringar.   

Vi går på råsa aust for støylen og opp langs kanten med utsyn til Skjorta, Kandal og Daurmål. Råsa held fram forbi Blåfjellvatnet på austsida. Ruta går vidare frå vatnet og i nordvestleg retning. Oppe på fjellet har vi på fine dagar utsyn mot kjende fjell i alle retningar. Vi kjem til Bøavatnet og like ved elva som rennfrå vatnet ligg Bøvassbu. Tilbaketuren går vestover og nedover rundt fjellet. Dette er ein tur der underlaget i hovudsak er fjell og stein. Råsa kjem ned på Rådastøylen/ Seimestøylen og går tilbake til Årdalsstøylen. På tilbaketuren får vi utsyn mot Reed og Breimsvatnet. Siste del av råsa går i myrlendt terreng så der kan det vere vått. 

Vi reknar 7-8 timar på turen.

Oppmøte Stilstova klokka 09:00 for samkøyring.Det er høve til å bli plukka opp på Reed, ta kontakt med turleiar om det er ønskjeleg. Køyreturen frå Stil - stova til Årdalsstøylen tek omlag 40 minutt.

Bompengar 50 kroner. Kontant betaling, ikkje Vipps.

 

Info om turen, motsett rute av det vi skal gå, og bilde finn du her:

https://www.ut.no/tur/2.5935/

Årdalsstøylen - Bøafjellet

Årdal i Breim er utgangspunkt for denne turen. Turen startar på Årdalsstøylen, dit er det bilveg. Fotturen går rundt Blåfjellet. Randi Reed blir med som kjentperson. Følg med på her eller ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bente Ellingvåg