Turbotrimmen i Gloppen 2018

Her er oversikt over turane i turbotrimmen i Gloppen i 2018.

Postane på Gloppestadstøylen, Holestøylen, Fløtravarden, Bolberg og Holvikfossen er no sette opp. Medlemmene i Barnas Turlag Gloppen har fått turbotrimkorta tilsendt. Nye kort kan hentast på Chatlet.


2 - 9 år

10 – 12 år

Vinterturar

Holestøylen

Fløtravarden


Gloppestadstøylen

Heilårsturar

Bolberg

Holvikfossen

Aastøylen

Sommarturar


Gapahuken over Valborgkleiva

Eggenipa

Eikenesstøylen

Dalsbøen i Traudalen

Lonevatnet

Svarthammaren (Nordstranda)


Vinterpostane vert ståande ute til 16. april. Sommarpostane vert forsøkt sette opp innan 1. juni, avhengig av snøtilhøve, og står ute til og med 15. oktober. Heilårspostane står ute i heile perioden fram til 15. oktober.

Innlevering av trimkort til Chatlet eller til ein kontaktperson i Barnas Turlag seinast 20. oktober. Nye kort kan hentast på Chatlet.

God tur!
Vinterposten på Holestøylen
Vinterposten på Holestøylen Foto: Jannicke Lindvik

Skrevet av Bjarte Lofnes Hauge 19. januar 2018