Midtveketurar for alle.

Utover tursesongen vil Midtre Nordfjord Turlag arrangere midtveketurar til nokre av turmåla frå T-Tur Eid 2018. Dette er eit tilbod for alle som har lyst å gå på tur, og bli kjend med dei flotte turmåla vi har i kommuna. Alle turane vil bli gjennomført i roleg tempo, og det vil vere samkøyring frå rutebilstasjonen på Eid.(Fast avgang kl 17.30).
Vi har sett opp desse turane:
Torsdag 14.06 Erviknobba. Turleiar Irene Margrete Lunde.
Onsdag 11.07 (Fellestur med seniorar) Indre Åsane frå Lote. Turleiar Rune Heggen.
Onsdag 08.08 (Fellestur med seniorar) Rindehornet. Turleiar Eli Gjertsen Hjelle.
Torsdag 30.08 Ytre Hennestøylen. Turleiar Sunniva Henden.
Torsdag 13.09 Vedviknibba. Turleiar Irene Margrete Lunde.
Bli med på tur!! :) Turane er opne for alle, om du er medlem eller ikkje.

