Foredrag med ove lotsberg på Årsmøte                      19. november.

Foto: Ove Lotsberg

Ove Lotsberg kjem til årsmøte og held foredrag om sitt prosjekt.

Mandag 19.november kl.19.00 blir det årsmøte for Midtre Nordfjord Turlag. Årsmøte blir halde på Gloppen hotell.

I tillegg til årsmøtesaker kjem Ove Lotsberg og vil halde foredrag om sitt prosjekt med samling av toppar med primærfaktor over 100 m i Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal.

Ove Lotsberg har mykje erfaring i fjellet, og har gått utallige fjellturar i vårt langstrakte land. Blant anna i 2012 gjekk han over 200 000 høgdemeter i løpet av eit år. Han dokumenterar turane sine gjennom Peakbook. Ei nettside han blant anna også vil gi litt informasjon om.

Vi ynskjer alle hjertelig velkomen til årsmøte og eit spennande foredrag med Ove Lotsberg.



Skrevet av Mari Ann Jacobsen 15. november 2018