TURBOTRIMMEN 2019 GLOPPEN

Foto: Jannicke Lindvik

Her finn du ei oversikt over Turbotrim-turane i Gloppen 2019.  

Vinterturar Heilårsturar Sommarturar
Austrheimstøylen Haugsvarden Føleidestøylen 
Brekkestova (blir ståande heile sesongen) Rausetstøylen Langisane
Holvikstøylen Myklebuststøylen
Mardalsstøylen  Ryssdalshornet 
Morafta Veslevatnet
Ryggjastøylen 

Klikk her for å skrive tekst.

På veg ned frå Holvikstøylen
På veg ned frå Holvikstøylen Foto: Jannicke Lindvik

Turbotrimmen er ein aktivitet for turglade barn mellom 0 og 12 år. Kvart år lagar Barnas Turlag "turklippekort" med mellom 10-12 turar i Gloppen, og sett opp turkasser med klippetong og turbok på alle plassane. Det er viktig at barna har med kortet sitt, og klipper hol og at barn som vaksne skriv seg inn i turboka. Turbotrimkort kan hentast på Chatlet, både av nye og gamle medlemmar.

Alle barn som går ein eller fleire turer i løpet av året, får ein premie. Denne vert delt ut på Barnas Turlag sitt arrangement "Lommelykttur" i november.   

Alle turbotrimpostane er sett ut, og vinterposten på Brekkestova står framleis ute, sidan vinteren forsvann så kjapt (her kan ein trille barenvogn eller sykle). 

Korta må leverast inn til Chatlet innan 20. oktober.

NB! Dei fleste turane er registrert på Ut.no og SjekkUt, der finn du meir info (lengde etc) om kvar tur i tillegg til bilder.


Foto: Rausetstøylen

Austrheimstøylen (vintertur)
Om vinteren er det ein fin skitur frå Kleivane og inn på Austrheimsstøylen. Det er småkupert, men ikkje bratte bakkar. Turen er om lag 3 kilometer lang.


Brekkestova
Grunna årets korte skisesong, let vi denne posten stå fram til hausten. Det er traktorveg inn til Brekkestova, så turen går fint ann å sykle eller trille med barnevogn. Turen startar frå parkeringsplassen til Breimsbygda skisenter. Skiløypa startar mellom barnetrekket og den eine skiheisen. Det er om lag 2,5 km til Brekkestova, som ligg i enden av lysløypa. Ein kan fortsette runden i lysløypa for å kome tilbake igjen.


Morafta (heilårstur)
Morafta er ein populær skitur (topptur) der utgangspunktet er Traudalen/Ryggjastøylen, eller Rauset. Det er som oftast skispor å følgje frå begge stadar.

Pga kraftverk er der ofte brøyta til Ryggjastøylen og tilrettelagt for parkering. Vinter og sommar-ruta er litt ulike, der er merka sommar-rute ifrå Traudalen. Sommarturen går på tydeleg sti.  (Hugs å betale bompengar)

Ein av dei mest krevande turane i år.


Haugsvarden (heilårstur)
Den mest besøkte toppen på Nordstranda har mange startpunkt. På vinterstid er der ofte køyrde løyper frå Kleivane skisenter. 

På sommarstid er finaste ruta å starte på Tystadstøylen. Du kan og starte ifrå Almestøylen, Haugsstøylen, Kleivane, Fellessætra og Dimma.

Eit fint turmål heile året, med flott utsikt. 

I 2018 sette Midtre Nordfjord Turlag opp sikteskive, så no kan du sikte på ein topp og sjå kva den heiter, kor høg den er, og avstand til toppen.


Rausetstøylen (heilårstur)
Køyr til Rauset og parker før bompengekassa, eller betal bompengar å parker på parkeringsplassen lenger oppe, til venstre. Der er skilta og merka til Rausetstøylen i 2017. Ein litt bratt tur, men ikkje av dei lengste. Du går for det meste på hellelagt rås. Når du kjem opp får du ei fantastisk utsikt over Gloppefjorden. På returen kan du velje å gå traktorvegen ned att.

Vinterstid går vi traktorvegen på ski, og gjerne vidare til Morafta. For mindre barn er denne turen best når snøen er vekk.

Holvikestøylen (heilårstur)

Vi har merka ifrå Trivselsskogen og Valborgkleiva. Eit vanleg startpunkt er frå Vasstanken i Valborgkleiva (der vi og startar turen til Veten). Turen til Holvikestøylen har ein høgdeforskjel på 340 høgdemeter frå vasstanken. Det er 3 km å gå opp til støylen, og ein følgjer grusveg (tidvis litt bratt) dei første to km før ein går over på sti. Vegen er godt merka, både med skilt og med merka til Barnas Turlag. 

Har du lyst på ein kortare tur, så kan du betale bompengar å køyre til Engesetåsen opp mot Austrheimsstøylen. Der er skilta til Holvikestøylen. Då er det ein kort tur på rundt 10 minutt om du køyrer næraste mogleg.

Ryggjastøylen (heilårstur)
Råsa startar rett etter bompenge-kassa på Grov, du treng ikkje betale for å gå råsa. Ei gammal rås som er mykje brukt heile året. Turen til Ryggjastøylen kan du kombinere med td. Morafta, eller andre turar i Traudalen. Midtre Nordfjord Turlag har gratis medlemsutlån av padleutstyr ved Traudalsvatnet.

Langisane
Ein kan parkere ved parkeringa til kunstgrasbana. Følg Åsavegen mot høgre når du har ryggen til kunsten eit lite stykke. Ta inn mot skogen ved sidan av eit skilt og nybygg av hus. Her heng eit turbo Kort, og resten av turen er merka med god sti og kort. Ca 20 min å gå inn til gapahuk, bålplass og postkasse. Ein fin ettermiddagstur for små barn!

Mardalsstøylen
Parker på parkeringsplassen i Jardalen (Søreide). Stien er godt merka. Eit lettare alternativ er å gå vegen opp til Søreidestøylen og brua over til Mardalsstøylen.

Føleidestøylen
Dette er ein rundtur ein kan gå store delar av året. Parker ved bomkassa på Føleide (veg til høgre heilt på "toppen" når ein køyrer mot Ryssfjøra). Gå oppover til du ser T-skilt til høgre og gå vegen til endes. 

Turen er lett og går på skogsveg/sti/veg: Det er lett å finne fram. Turkassa er plassert på Kvia.

Ryssdalshornet
Ein parkerer i Ryssdalen og går på ein bratt grusveg opp til Ryssdalsstøylen. Derifrå er det ein sti som er godt merka. Turen er bratt og ikkje for dei aller minste. Turen er merka frå Ryssdalen, men det er og fint å gå frå Kandalen via Restøylen. 

Veslevatnet
Ein kan velje å parkere på Fitje (til venstre rett etter brua, etter ein har køyrt forbi SFE), eller ein kan køyre heilt opp til bommen, der parkeringa til Veslevatnet er. Då er det berre ein 2-3 minutter å gå inn til gapahuken. Dersom ein parkerer på Fitje, er dette ein tur som er fin å sykle, men pass på barna når de skal ned att, det kan gå fort! Bukta 4H har kanoer ein kan leige, og ein kan og overnatte i Gapahuken om ein avtaler med 4H.



Skrevet av Jannicke Lindvik 8. februar 2019