Fottur til Kyrkjefjellet/Eidskyrkja.
Eidskyrkja/Kyrkjefjellet

Bli med på fottur til Kyrkjefjellet/Eidskyrkja 7.september 2019.
MNT arrangerer fottur til Eidskyrkja/Kyrkjefjellet laurdag 7.september 2019. Turen startar frå Grøndalstølen (435 moh) i Grøndalen (Volda kommune). Vi følgjer sti opp Bygdaskaret (800 moh) til Fanteskrålvatnet, der vi svinger vestover opp bakkane. Vidare kjem vi opp på ein fjellrygg som vi følgjer til snøbreane og toppvarden.
Varden/toppen ligg på 1482 moh, der ein på godversdagar har utsikt i alle retningar, m.a. mot, Sunndalsnipa, Matøskja, Hattemakaren... Turen er middels tung og ein følgjer same veg attende til bilane.
Eidskyrkja er mykje brukt som skitur, både frå Grøndalen og frå Skinnviksætra på Sunnmøre, men det er også ein fin fottur.
For spørsmål, kontakt turleiar : Irene M. Lunde, tlf 41324798



Klikk her for å skrive tekst.
Klikk her for å skrive tekst.