Til Topps - samarbeid mellom Gloppen Røde Kors og turlaget

T-tur post på Draumekvila
T-tur post på Draumekvila Foto: Katrine Fjellestad Aske

Det blir onsdagsturar! Vi møter opp utanfor Intersport onsdagar kl 18:00. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom turlaget og Røde Kors.

Turane er opne for alle, og spesielt velkomne er flyktningar som skal øve seg til dei skal til Topps. Til Topps er eit arrangement som DNT og Røde kors samarbeider om, og som blir arrangert på Lom i juni. Der er turar og felles samver i naturen.

Annonsering av onsdagsturane blir på heimesida og på Facebokk/Instagram. Ta med rikeleg med kle, gode sko som tåler vatn, og drikke. Vi går T-turar, så det blir tur til Føleidestøylen/Ryestøylen, Traudalsråsa/Ryggjastøylen, Veslevatnet, Holvikestøylen mm. 

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 20. april 2019