Sikteskive på Haugsvarden

Deler av styret og leiar i Sogn og Fjordane Turlag på opninga
Deler av styret og leiar i Sogn og Fjordane Turlag på opninga Foto: Gunnar Bjørlykke

Vi hadde opning av sikteskiva på Haugsvarden 16. juni. No kan du vinne ein konkurranse om å vere blandt dei fyrste som når alle toppane som er avmerka på sikteskiva. Du finn turane på SjekkUt-appen,  Sikteskive Haugsvarden. Dei 3 fyrste som har vore på alle toppane vinn fine premiar. God tur!

Midtre Nordfjord Turlag har betalt ca. kr 25000 for sikteskiva.

Leiar i Sogn og Fjordane Turlag opna skiva
Leiar i Sogn og Fjordane Turlag opna skiva Foto: Gunnar Bjørlykke

Siv Merete Stadheim, leiar i Sogn og Fjordane Turlag opna skiva 16. juni. Ho rosa turlaget:

MNT gjer ein glimrande innsats for å legge tilrette for eit aktivt friluftsliv. Både gjennom felles turar og via tilrettelegging av stinett.

Dette er eit viktig bidrag for gode trivsel og bulyst i eit lokalmiljø og folkehelse i praksis. Sandane har eit turtilbud for alle; Trivselskogen for lågterskel, Haugsvarden for ein lett fjelltur, og der ein no kan sette seg hårete mål om å nå alle dei 62 toppane ein ser derfrå!

Sikteskiva gir interessant informasjon samt ein plass til å drøyme seg bort til nye turopplevingar.

Dag Apalseth har hatt ansvaret i MNT for sikteskiva og har hatt ein omfattande jobb. Her er "tala" han heldt under opninga:

Når ein går på turar andre stadar i landet finn ein mange toppar med sikteskive. Dette er ei god hjelp til å orientere seg i området og som kan trigge lysta til å nå nye toppar.
Haugsvarden ligg fritt til utan høge fjell tett inntil, og er difor eit naturleg valg for plassering av ei sikteskive.

For vel 2 år sidane gjorde styret i MNT vedtak om at det skulle arbeidast med å få setje opp ei sikteskive her. Målet var å få den ferdig iløpet av 2018 som var det året DNT feira sitt 150 års jubileum.

Dette heldt akkorat, den vart montert romjula 2018.

Etter at løyve var gjeve av kommune og grunneigarar kunne arbeidet starte.

Statens kartverk fekk nøyaktig posisjon og vi fekk ei liste og eit kart med over 200 toppar.

Det måtte no gjerast eit utvalg av toppar og sjekke at ein faktisk kunne sjå disse toppane frå Haugsvarden.


Då dette vart klart gjekk alle data til West Mekan på Nordfjordeid som har stått for programmering og maskinering av sikteskiva som er laga i syrefast stål.

Fundamentet  til sikteskiva er laga av Magnar Høydal i Austefjorden. Det er galvanisert og pulverlakkert ved Ørsta Stål.

Totalkostnadane med arbeidet er på rundt kr 25000,- og er betalt av MNT.

Brukar du sikteskiva kan du sikte på eit fjell, lese namnet på fjellet, kor høgt det er og avstanden til fjellet i luftlinje.

Dømer:

Mot vest finn vi td St.Sunnivahornet i Vågsøy over 5 mil vekke.

Mot nord ser vi nærmast Eidskyrkja, Sunndalsnipa, og langt bak Skårasalen i Ørsta.
Ser vi mot aust so finn vi den 1773 meter høge Midtstolhyrna i Stryn kommune som ligg 53 km frå oss i luftlinje.

I sørleg retning mot Jølster kan ein sjå td Søgnesandsnipa som ligg v/Lunde der ein kjøyre inn i Fjærlandstunnllen.


Fasinerande at ein kan sjå over 5 mil innover fjorden og like langt utover den 106 km lange Nordfjorden. Vi står virkeleg i Midtre Nordfjord.

MNT vil sjølve og i samarbeid med våre naboturlag iløpet av ein periode på 5 år arrangere turar til alle dei 63 toppane som står på sikteskiva.

MNT sitt mål og ynskjer med sikteskiva at alle som besøkjer Haugsvarden kan bruke den som eit hjelpemiddel til å løfte blikket slik at ein kan verte betre kjent, og dermed oppdage nye turmål. Rett og slett utvide horisonten!


Undervegs i arbeidet har vi fått hjelp frå mange personar. Disse vil MNT gjerne få gje ei takk
Jan Wollan: 

Han har stått for bygging av sikteskiver på austlandet og kom med mange gode råd og tips i planleggingsfasen.

Trond Espelund:

Statens kartverk , lagde sikterose for Haugsvarden på papir med inndeling i grader.

Eivind Heggen ved West mekan Nordfjordeid:

sterkt delaktig i utforminga av sikteskiva. Mange gode og kreative forslag undervegs i prosessen fram mot det ferdig resultat.

Ove Lotsberg, Gunnar Bjørlykke, Jarle Helgheim og Trygve Apalset, Kjell Jørgen og Harald Slettvoll ;

røynde fjellmenn som var til stor hjelp ved utplukking og stadfesting av toppane vi valde. Dei to sistnemnde stod og for
muring rundt skiva og montering av innstallasjonen .


Kveldssol på sikteskiva
Kveldssol på sikteskiva Foto: Katrine Fjellestad Aske

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 20. juni 2019