I år var det MNT sin tur til å vere vertskap for fellesmøtet til SFT. Møtet vart lagt til Gloppen Hotell, helga 16. - 17.november 2019.

Fellesmøte SFT i Gloppen

Gjengen samla på TIN - camp
Gjengen samla på TIN - camp Foto: Knut Roger Nesdal

Fellesmøtet til SFT vart avvikla i Gloppen, der ein m.a. hadde omvising i Trivselsskogen, med lunsj på TIN - camp.

Fellesmøtet starta med tur i Trivselsskogen, der vi gjekk opp Sherpatrappene til Holvikfossen, ned forbi Utsikten, ned til Dagsturhytta på Draumekvila, gjennom Kjærleiksskogen og til slutt avslutta vi turen med nydeleg skogsuppe på TIN - camp. Undervegs fekk vi guiding ved Knut Roger Nesdal. Takk for at du stilte opp og fortalde levande om prosjektet!

Vel tilbake på hotellet hadde vi gruppearbeid, der tema ver regionalisering. Her var det stort engasjement og ei god arbeidsøkt. Kvelden vart avslutta med god middag, der vi igjen fekk smake på lokale råvarer. 

Søndag hadde vi framlegging av "Beste praksis", der lokallaga presenterte noko dei hadde fått godt til i 2019. Det var variert og interessant å høyre og sjå kva det vert jobba med rundt om i fylket vårt. Etterpå snakka Generalsekretæren i DNT om Vegval 2019 - 2023, der han kom med sine tankar og opna for spørsmål. Tusen takk for eit engasjerande innlegg og eit kjekt besøk. Velkomen attende til Gloppen og SFT!

Etter ein betre lunsj, reiste dei fleste heim att. 

Fellesmøtet var prega av god stemning, mykje latter, herleg engasjement, flott utever og mange tankar, som ein tek med seg i det vidare arbeidet framover.

På veg opp Sherpatrappene
På veg opp Sherpatrappene Foto: Irene Margrete Lunde
Foto: Astrid Kalstveit
Draumekvila, dagsturhytta i Gloppen.
Draumekvila, dagsturhytta i Gloppen. Foto: Irene Margrete Lunde
Deler av styre og administrasjon, framføre Gloppen Hotell
Deler av styre og administrasjon, framføre Gloppen Hotell Foto: Irene Margrete Lunde
Katrine guidar i Trivselsskogen.
Katrine guidar i Trivselsskogen. Foto: Irene Margrete Lunde
Tåka låg langs fjorden, men flyet til generalsekretæren i DNT landa til slutt...
Tåka låg langs fjorden, men flyet til generalsekretæren i DNT landa til slutt... Foto: Irene Margrete Lunde

Skrevet av Irene Margrete Lunde 18. november 2019