Dugnad mot spredning av Covid-19

Midtre Nordfjord
Midtre Nordfjord Foto: MNT

Midtre Nordfjord Turlag avlyser alle turar og aktivitetar inntil vidare, vi vurderer situasjonen fortløpande

Midtre Nordfjord Turlag deltek i den nationale dugnaden om å begrense spredning av Covid-19 viruset. Derfor vert at alle turar, kurs og møter avlyst inntil vidare.

No er det nærturar som gjeld.

DNT rår frå å gå lengre turar i fjellet, og å gå på tur til dei mest populære turmåla. Kanskje er dette tiden for å undersøke nye stiar og turar i ditt nærområde? Kva med å ta med ditt neste måltid ute i naturen? Gå på fjellet, i skogen eller ved kysten, ein kan også overnatte ute! 

Vi i Midtre Nordfjord Turlag oppmodnar til fysisk aktivitet, frisk luft er godt for kroppen! Treng du turinspirasjon? Sjekk ut årets T-turar eller UT.no

  • Årets T-turar (sjå knapp til høgre) ligg ute, og er tilgjenglege på SjekkUT-appen! Usikker på korleis du brukar appen? Klikk på knappen til høgre, og sjå "bruksanvisning" for appen! 

  • Årets Turboturar ligg også ute! For å sjå meir, klikk på knappen til høgre. 


Ta forhandsregler, og vær obs! Kjenn på din eigen form før du legg ut på tur. Er du i kkje i slag, bli heime slik at du unngår å eventuelt smitte andre. God handhygiene, vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute mellom folk. God hostehygiene,  host i papirtørkle som kastast straks etter bruk etterfølgt av handvask, eller hoste/nyse i albuekroken, dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg. Hald avstand, (minst 1 meter) til andre personar.

Vil elles minne om å følgje Fjellvetreglane når du skal på tur.


Gå på tur med dei i husstanden!
Gå på tur med dei i husstanden! Foto: MNT

Skrevet av Marie Sørum 27. mars 2020