Registrering  T-turar

Ossætra
Ossætra Foto: Katrine Fjellestad Aske

SjekkUt-appen for registrering av turar feila i ein periode i sommar. Alle som har registrert 1 T-tur, eller fleire på SjekkUt, blir kontakta via epost.

Etter 20. oktober sender vi epost til alle som har registrert ein T-tur i 2020, der vi skriv kor mange turar som er registrert i vårt system. Dersom du har gått fleire turar enn vi har registrert, så svarar du på eposten og vi oppdaterer manuelt i listene våre. Alle medlemmar som har gått 7 turar, eller fleire, får premie. Dei som har gått 10 turar er med i trekning av gåvekort. 

Har du gått T-turane utan å registrere deg, kan du sende epost til MNT@DNT.NO og oppgje kor mange turar du har gått. 

Vi beklagar problema med SjekkUt-appen.

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 7. oktober 2020