Lyst å gå tur og i tillegg gjere ei god gjerning?

Frå onsdagstur på Tystadstøylen, vi ser på ut.no
Frå onsdagstur på Tystadstøylen, vi ser på ut.no

I samarbeid med Røde Kors  arrangerer vi onsdagsturar. Vi har oppmøte på G-sport Sandane onsdagar kl 18. Annonsering via Facebook og heimesida vår. Fyrste turen blir på Eide Kultursti onsdag 6. april.

Vi ynskjer å gje flyktningar og andre eit turtilbod. På dei fleste turane har vi ei pause, der vi får god anledning til ein prat. 

Vi treng fleire "turleiarar" ut over våren, ta kontakt om du kan tenkje deg å vise veg på ein tur.

Berit Gloppestad og Katrine Fjellestad Aske blir med på mange av turane.Blir du?

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 4. april 2016