Nytt turtilbod for ungar i Eid

I april 2016 startar Barnas turlag i Eid opp eit nytt turtilbod for ungar i alderen 0 til 12 år kalla TURBOTRIM! Turane til dei sju postane kan gjennomførast kva tid som helst i perioden frå ca. 20. april til og med 20. oktober. Alt du treng er eit lite klippekort!  

Ungar som allereie er medlem i Barnas Turlag i Eid får eit Turbotrim klippekort tilsend i posten i løpet av april. Andre ungar som ønskjer å delta kan hente seg eit klippekort hos Chatlet Sport på Nordfjordeid. Alle medlem som gjennomførar ein eller fleire turar får premie etter tal gjennomførte turar. Klippekortet må leverast inn att til Chatlet Sport innan 20. oktober og det blir premieutdeling på årets siste fellestur den 13. november (lommelyktturen).

På klippekortet er det ført opp sju turar. Desse kan ein gå kva tid ein sjølv ønskjer det i perioden 20. april til 20. oktober. Turane er eit utplukk av korte og litt lengre skogs- og fjellturar i Eid kommune. På kvart turmål vert det lagt ut ei turbok der ungane skriv inn namnet sitt, samt ein liten stiftemaskin til å klippe kortet med. Langs turrutene vil ungane møte på Turboreven i form av små bildekort. Kan hende er det motiverande og spennande å leite etter Turbo på veg mot målet?

Her er dei sju turmåla for 2016: Dua (67), Fannstøylen (60), Naustdalkamben (59), Utsikten (53), Åsebønakken (28), Svartevatnet (58) og Veten (5). Talet i parentes syner til turnummer i boka «Til Fjells – 73 flotte turar i Eid kommune». Vi vil óg prøve å lage enkle skildringer av turane, info om parkering og anna nyttig på Barnas Turlag i Eid si heimeside mnt.dnt.no/barnas-turlag-eid og Facebook-sida vår https://www.facebook.com/Barnas-Turlag-Eid-496019377272868/.Her kan du og halde deg oppdatert om kva postar som er hengt opp etter kvart som snøen forsvinn og stiane vert merka, sjå denne sida: https://mnt.dnt.no/nyheter/4408-tur-info-om-turbotrimmen-i-eid/

Turbotrimmen er meint å vere eit lågterskeltilbod og eit tilskot til fellesturane og dei to Kom deg ut-dagane som vert arrangert i løpet av året. Deltaking på fellesturar og Kom deg ut-dagar er ope for alle barnefamiliar som vil ut på tur i lag med andre familiar. Det er ofte veldig motiverande for ungane å gå på tur i lag med andre ungar. Og jammen er det trivelig for dei vaksne å treffe andre familiar på tur også!

Vi takkar Eurofoto på Breim for sponsing av klippe- og løypekort og Chatlet Sport på Nordfjordeid for administrering av ut- og innlevering av klippekorta!

Styret i BT Eid ønskjer dykk gode Turbotrimturar i 2016! 

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål knytt til turane og opplegget.

Ønskjer du å melde inn heile familien eller barnet ditt? Sjå www. dnt.no/medlem/fordeler/ . Den Norske Turistforening (DNT) tilbyr m.a. familiemedlemskap (for tre eller fleire familiemedlem som bur på same adresse, 1150 kr/år) og barnemedlemskap

(0-12 år, 120 kr/år).

Turboreven er klar for Turbotrim i Eid! Her viser han fram  klippetanga og klippekortet.
Turboreven er klar for Turbotrim i Eid! Her viser han fram klippetanga og klippekortet.