Tur-info om Turbotrimmen i Eid
Nov. 2016: Turbotrimmen 2016 er no avslutta. 50 ungar fekk premie for deltakinga. 20 av desse hadde gått alle turane på klippekortet. Vi applauderer og gratulerer!
Her legg vi ut tur-info og oppdateringer om dei sju Turbotrim-postane i Eid for 2016. Dei sju turane er Dua, Fannstøylen, Naustdalkamben, Utsikta, Åsebønakken, Svartevatnet og Veten.
For å delta på Turbotrim treng ungane eit klippekort som kan hentast på Chatlet Sport på Nordfjordeid (Moengården). Alle medlem i BT Eid har fått klippekort i posten. Meir om Turbotrim og premiering les du her: https://mnt.dnt.no/nyheter/4306-nytt-turtilbod-for-ungar-i-eid/
Her er info om Turbotrimturane i 2016:
Talet i parentes syner til tur-nummer i boka «Til Fjells – 73 flotte turar i Eid kommune». Alle turane er no merka og bøker og klipparar er lagt ut!
UTSIKTA (53), Nordfjordeid
Følg Fossevegen til endes gjennom Myklebuståsen på Nordfjordeid og parker ved grinda. Følg vegen vidare frå grinda og over brua. Frå bygget «Tsjernobyl» følgjer ein skogsvegen vestover. Frå grinda til Utsikta er det om lag 1,4 km og 80 meter stigning. På Utsikta er det eitt bord med benkar. Merk at det er få parkeringsplassar ved grinda. Det går fint å trille barnevogn til «Tsjernobyl», men vegen vidare til Utsikta er steinete og ikkje så fin å trille på. Turboka er lagt ut og stien er merka med Turborevar.
ÅSEBØNAKKEN (28), Heggjabygda
Køyr nesten til Heggjabygda (ca. 14 km frå Eid) og parker ved den nyaste skilttavla på høgre side av vegen når du har kome på toppen etter den skarpe høgresvingen i bakken, der terrenget flatar ut mot Åsebøen. Turen startar ved å gå litt tilbake til ei bru som kryssar elva og her går stien vidare innover. Turboka er lagt ut og stien er merka med Turborevar.
Frå Stårheim-sida tek du av mot Remmedalen rett etter båthavna i Torvika og køyrer ca. 700 m oppover. Ta til høgre ned ein bratt grusveg og over ei bru, følg vegen ca. 300 m til du ser eit treskilt merka Naustdalskamben. Det er dårleg med parkering her, men 200 m før eller 200 m etter skiltet er det mogleg å parkere. Stien her frå Skinlo er merka med raude band og turbo-kort.
SVARTEVATNET (58), Hjelmelandsdalen
Turen til Svartevatnet startar på Brekka. For å kome hit køyrer ein Postvegen frå Harpefossen, forbi Bjørhovdesetra og Sevlandsetra, deretter opp ein bratt bakke der Brekka ligg på toppen. Her kan ein parkere på vegskuldra fleire stader. Stien til Svartevatnet og vidare til Grimeskaret startar her. Stien er godt synleg, godt opptrakka og skilta. Terrenget er slakt og det er 600 m å gå til Svartevatnet. Turen er fin å gå også for dei aller minste. Ved Svartevatnet kan ein fiske småkrede med stang frå land eller låne båten som ligg der om ein vil det. Det er lurt å ta med eigne redningsvestar. Her er og fin bål- og teltplass, så ein overnattingstur hit kan være ei god oppleving. Turboka skal du finne i ein plastboks i ei lita røys ved telt-/bålplassen på holmen mot vest. Gå rett fram når du kjem på stien der den bikkar ned mot vatnet. Til venstre her går stien vidare til Grimeskaret.
VETEN (5), Hundeide/Sørsida
Køyr mot Hunvik. Turen startar ved dei to sela ved Hanshjellen ca. 10 km frå Eid. Parker ved sela eller på parkeringsplass nokre meter lenger framme. Første turbokort heng ved infoskiltet i starten av skogsvegen. Følg skogsvegen. Stien startar på venstre side av skogsvegen rett etter den første bratte bakken. Stien er fin å følgje til Veten.
