Turbotrimmen i Gloppen 2017

Haugsvarden
Haugsvarden Foto: Bjarte Lofnes Hauge

Her er oversikt over turane i Turbotrimmen i Gloppen i 2017.


2 - 9 år

10 – 12 år

Vinterturar


Brekkestova


Fløtravarden


Heilårsturar


Austrheimstøylen

Svartekari

Haugsvarden


Sommarturar


Lomvatnet

Traudalsnibba

Øvresetstøylen

Russehola

Trivselsskogen

Støyvastøylen

Myklandsdalen

Fitjevårstøylen


 Vinterpostane vert ståande ute til 17. april. Sommarpostane vert forsøkt sette opp innan 1. juni, avhengig av snøtilhøve, og står ute til og med 15. oktober. Heilårspostane står ute i heile perioden fram til 15. oktober.

Innlevering av trimkort til Chatlet eller til ein kontaktperson i Barnas Turlag seinast 20. oktober.

Nye kort kan hentast på Chatlet. 

Russehola
Russehola Foto: Jannicke Lindvik

Russehola

Turen til Russehola er ein enkel tur som passar godt for dei minste barna. Du køyrer opp til øvste gard på Rauset og vidare gjennom bommen til Hestedalsvegen (50 kr for bil). Køyr vegen heilt til parkeringsplassen ved Sandsstøylen, der det står eit skilt med «Russehola» på høgre side. 

Det er om lag 800 meter å gå fram til Russehola. Det er fin veg i starten og litt meir kupert mot slutten. Framleis (12. mai) ligg det noko snø enkelte plassar i stien, men stort sett er det bert. Turbotrim-kassa heng lett synleg på gjerdet.

Det er ein spennande plass å besøke for både barn og vaksne. Hola vart brukt som gøymestad for fire russiske krigsfangar i 1944. Med hjelp frå bygdefolk tok dei seg fram til denne hola og fekk matforsyningar gjennom vinteren. Dei oppheldt seg der til krigen var slutt.

Fitjevårstøylen frå Veslevatnet

Ein kjem til Veslevatnet ved å høyre frå Sandane sentrum mot Hyen, og ta av til venstre på grusvegen mot Fitje etter brua ved SFE. Følg vegen over flata, og oppover mot Veslevatnet. Parker der vegen flatar ut og ein ser vatnet. Vegen vidare er bomveg, men det er fint å gå langs vatnet og vidare oppover. Der stigninga startar kan ein velje om ein vil gå vegen eller støylsråsa, som etter kvart kjem opp på vegen at. Når vegen flatar ut og ein kjem til eit kryss, skal ein halde til venstre. Etter eit par hundre meter kjem ein til Fitjevårstøylen. Det er ca 3 km frå Veslevatnet til støylen.

Haugsvarden frå Tystadstøylen

Turen til Haugsvarden kan ein gå frå fleire stader, men det er kanskje finast å gå frå Tystadstøylen. Ein kan då også gå innom trimposten på Lomvatnet. Ein køyrer til Fjellbygda, og held til venstre i første kryss (mot Ytre Fjellbygda). Ein følgjer så vegen til Alme og vidare på grusveg mot Skår. Det er skilta mot Almeskogsvegen (40 kr i bompengar). Etter nokre svingar deler vegen seg, her skal ein halde til venstre. Råsa startar på parkeringsplassen, og går forbi Tystadstøylen og oppover mot Lomvatnet og vidare mot Haugsvarden. Sjå også https://www.ut.no/tur/2.8090/.

Lomvatnet

Sjå turbeskrivelse for Haugsvarden. Det er ca 2 km til Lomvatnet.

Myklandsdalen

Turen har utgangspunkt i Kandal, og frå Sandane er det ca 19 km til bomvegen. Køyr gjennom heile bygda, og opp til Myklandsbrua. Støylsvegen er 3km lang, og kostar 30 kr. På støylen er der inngjerda parkeringsplass, bruk denne då det er mykje geiter som er glad i billakk!!..
Råsa blei merka av turlaget i fjor, og går litt ovanfor elva innover dalen. Lett stigning i starten, ellers flat og lett tur. Turen inn er ca 2 km, der er 5 store bjørker og kassa heng i ei av dei.

Trivselsskogen/Draumekvila

I Trivselsskogen kan ein gå på kryss og tvers. Trimkassa står på Draumekvila, som er eit fint turmål med små born. Ein startar gjerne turen frå lunneplassen ovanfor Holvika, på oppsida av E39 (rett bak byggefeltet på Høgenausen). Her startar råsa ganske bratt mot Solplatået. Vidare går ein gjennom Kjærleiksskogen, kryssar ein skogsveg og følgjer ein annan skogsveg gjennom nokre svingar opp til Draumekvila. Det er om lag ein km frå lunneplassen til Draumekvila.

Austrheimstøylen

Ein kan kome til Austrheimstøylen på fleire måtar. Sommarstid kan ein køyre nesten heilt fram ved å følgje bomvegen frå indre Fjellbygda (Engesæt) forbi utsikten. Ein kan også gå i traseen for skiløypa frå parkeringsplassen på Kleivane, inover forbi Åstjønna og Gloppestadstøylen.

Svartekari

Beskrivelse kjem snart!

Øvresetstøylen

Øvresetstøylen er på Utvikfjellet, og turen startar ved parkeringsplassen på motsett side av skitrekket. Parkeringsavgift 50 kr (kortautomat). Heile turen går på grusveg, lett stigning og enkelte små bakkar. Her går det fint med både sykkel og barnevogn. Vegen er godt synleg utover fjellet sett frå parkeringsplassen.
Grusveien er ca 2,8 km lang, og kassa  står i krysset ovanfor Øvresetstøylen 

Støyvastøylen

Turen startar frå parkeringsplassen/utvidinga like før toppen av Utvikfjellet, når ein kjem frå Breim. Råsa startar frå nordenden av parkeringsplassen, og går austover, parallelt med skitrekktraseen. Råsa er i starten steinsett og lett å gå. Det er litt stigning i starten til ein kjem opp over skoggrensa. Deretter går stien i lett og småkupert erreng inn til Støyvastøylen.

Turen er litt over 2 km lang kvar veg, og ein må gjerne rekne 1-1,5 time kvar veg med mindre born.

Om ein ønskjer ein litt lenger tur, kan ein fortsette ca 1 km opp på Skavegga.

Traudalsnibba (ikkje sett ut pr. 01.06)

Sjå https://www.ut.no/tur/2.7052/.

Skrevet av Bjarte Lofnes Hauge 16. februar 2017