T-tur korta kan hentast på Chatlet Sandane. Turkassene er lagt ut på Bolberg, Holvikfossen og Fløtravarden. Alle kan hente gratis kort, premiering til medlemmar. Meir info på https://mnt.dnt.no/T-tur/
Jubileumsfeiring i Spectrum. Ei god foreining å vere med i, og ein kjekk fest å vere med på. Godt leia av Anne Lindmo, med god blanding av intervju og musikk-innslag.
Her er oversikt over turane i turbotrimmen i Gloppen i 2018.Alle postane er no sette opp. Dvs. at følgjande sommarpostar står ute: Gapahuken over Valborgkleiva, Svarthammaren på Nordstranda, Lonevatnet, Dalsbøen i Traudalen, Eggenipa og Eikenesstøylen. Heilårspostane (Bolberg, Holvikfossen og Aastøylen) står også ute.Medlemmene i Barnas Turlag Gloppen har fått turbotrimkorta tilsendt. Nye kort kan hentast på Chatlet.
Irene Lunde vann gåvekort på kr 3000 på Chatlet. Irene har gått dei 10 turane i T-tur Eid. Eva Fitje Holme og Lene Seime vann kvar sine gåvekort på kr 1000, dei har gått 10 T-turar i Gloppen. Vi gratulerer!
Vi var ca. 35 som møtte opp og fekk nyttig lærdom. Flinke representantar frå Skredvarslinga/NVE, Nordfjord Folkehøgskule og Midtre Nordfjord Turlag heldt innlegg. Det er mange som bur i Gloppen som har god kunnskap om skred!
Årsmøte hadde vi i gamlestova til Anne Britt og Jan Ove Lotsberg. Ein koseleg plass med god mat. Stabilt styre der to av tre som var på val, tok gjenval.
MNT har set opp skilt til Gapahuken på Åsebø, Nordstrandsfjella, Arnestadfjellet og frå Fitjevårstøylen til Myklandsdalen i Kandal.
Vi har merka/remerka til Russehola og Rausetstøylen. No er det og merka til padlenaustet i Gjengedalen.
Lyst på ei slik lue? Denne gode lua frå Devold er premie til medlemmar som har gått 7 T-turar, eller meir. (verdi ca kr 300) Dei som har gått 10 turar blir med i trekninga av gåvekort på kr 3000 og to a kr 1000. T-tur kort får du på Chatlet.
Gratis medlemsutlån i Eid sentrum, Langdedalen, Traudalen og Gjengedalen i Gloppen. Utstyret reserverer du via heimesida https://mnt.dnt.no/utstyrutlaan/
Her er oversikt over turane i Turbotrimmen i Gloppen i 2017.
Ny grillhytte opna i Stigedalen, den kan vere god å bruke både sommar og vinter.
Midtre Nordfjord Turlag har søkt og fått innvilga støtte til skilting og merking av ulike tur-ruter. Før vi kan gå i gang med bestilling og merking må vi ha kurs. Vegard Fagerli, Gunnar Nygjerd, Åse Huse, Alf-Erik Røyrvik og Katrine Fjellestad Aske har fullført kurset. No må MNT få godkjenning med grunneigarar før vi eventuelt kan gå i gang med ...
Her er oversikt over sommarpostane i Turbotrimmen i Gloppen 2016 som er sette ut til no.Medlemmer i Barnas Turlag kan henten turbotrimkort på Chatlet på Sandane.
I april 2016 startar Barnas turlag i Eid opp eit nytt turtilbod for ungar i alderen 0 til 12 år kalla TURBOTRIM! Turane til dei sju postane kan gjennomførast kva tid som helst i perioden frå ca. 20. april til og med 20. oktober. Alt du treng er eit lite klippekort!
I samarbeid med Røde Kors arrangerer vi onsdagsturar. Vi har oppmøte på G-sport Sandane onsdagar kl 18. Annonsering via Facebook og heimesida vår. Fyrste turen blir på Eide Kultursti onsdag 6. april. Vi ynskjer å gje flyktningar og andre eit turtilbod. På dei fleste turane har vi ei pause, der vi får god anledning til ein prat. Vi treng fleire ...
Bilder frå Ambassadørkurset i 2016
Vegard Fagerli, Wenche Haavik, Jørgen Dølvin Husbyn, Laila Fossheim, Elias Alme, Espen Bruun (DNT Sogn og Fjordane) og Katrine Fjellestad Aske hadde møte der vi planla aktivitetar for MNT UNG i 2016.
Vi har no fått ein representant frå MNT inn i styret i Sogn og Fjordane Turlag. Vi ynskjer Dag Apalseth lukke til med det nye vervet.