Fest på Kamben!

Barnas turlag Eid hjalp til med å bere opp bøker.
Barnas turlag Eid hjalp til med å bere opp bøker. Foto: Geir Holmen

Det vart ein staseleg fest på fjellet då Dagsturhytta på Naustdalkamben i Eid vart opna 2. juni.

Laurdag 2. juni var Dagsturhytta i Eid offisielt opna. Med ordentleg sommarvarme og sol frå skyfri himmel, vart dagen ei god og varm oppleving for både unge og gamle på Naustdalkamben. Dei yngste gjekk i lag frå Reset og bidrog med å bere opp bøker til fjellbiblioteket som er laga til inne i hytta. Dei aller eldste, på 93 og 94 år; systrene Signe og Margit Skinlo, fekk den største æra av å opne hytta saman med ordførar Bjørlo. Alle tre i feiande flotte bunader. Etterpå var det kake til alle!

For ganske nøyaktig 10 år sidan vart Barnas turlag i Eid skipa, og dette vart også markert med overrekking av DNT-hue og buff til dei som danna det første styret i 2008; Britt Thomasgard, Eli Gjertsen Hjelle, Torill Kufaas Karlsen, Trude Dalseth, Bjørn Brekke og Leif Johnny Endal. I gåve til hytta gav turlaget bort ein Turborev og litt lesestoff om DNT og MNT sin historie. Turbo håpar nå på jamnleg besøk av små turgåarar framover. 

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som står bak det heilt spesielle dagstur-hytteprosjektet - med éi hytte i alle 26 kommunene i fylket. For hytta på Naustdalkamben er det Haugen og Stårheim bygdelag som har stått for all dugnadsinnsats knytt til hytte, rydding og merking av løyper.

No er hytta på Naustdalskamben ei hytte som alle i Eid kommune eig i lag, og som alle kan bruke! Vi håpar små og store blir flittige brukarar  og ein kan gjerne prøve ulike råser opp for å bli kjend med nytt terreng. Eid kommune si offentlege friluftsparkering med merka sti er frå Reset ved fylkesvegen gjennom Remmedalen. Denne ruta ligg også inne i DNT sin turløype-app UT.no.