Skitur frå Gjengedal til Sandane

Paul Remi Kvandal (f.h.), Ståle Austrheim, Unni Verlog og Inger Johanne Blikra Egeland i fint driv med Styggevatna i bakgrunnen
Paul Remi Kvandal (f.h.), Ståle Austrheim, Unni Verlog og Inger Johanne Blikra Egeland i fint driv med Styggevatna i bakgrunnen Foto: Katrine Fjellestad Aske

Ein skitur i fjella mellom Hyefjorden, Gjengedalsvassdraget og Gloppefjorden er ei oppleving av dei sjeldne. Iallefall når det er sol og fint veir.  

Her vert dynene forvarma før natta.
Her vert dynene forvarma før natta. Foto: Katrine Fjellestad Aske

For å klargjere for 22 km og over 1000 høydemeter overnatta vi på "Fjellestad-hytta" ved Storevatnet i Gjengedalen. Her åt vi godt og hadde ein triveleg kveld. 

Bente Ellingvåg henter vatn i elva mellom Storevatnet og Dalevatnet i Gjengedalen.
Bente Ellingvåg henter vatn i elva mellom Storevatnet og Dalevatnet i Gjengedalen. Foto: Katrine Fj

I starten av turen brukte vi tid på å snakke om skredfare, vegvalg og å sjå på fjella rundt oss. 

Vegard Fagerli (t.v.) forklarer kva han tenkjer om vegen vidare. Vidar Eide, Jan Sundal, Anita Lothe, Paul Remi Kvandal og Unni Verlo er iallefall delvis einige.
Vegard Fagerli (t.v.) forklarer kva han tenkjer om vegen vidare. Vidar Eide, Jan Sundal, Anita Lothe, Paul Remi Kvandal og Unni Verlo er iallefall delvis einige. Foto: Katrine Fjellestad Aske

Vi brukte 9 og ein halv time på turen, inkludert 2 gode lunsjpausar. 

Gunhild Gimmestad (f.v.), Anita Lothe, Unni Verlo, Brita og Ståle Austrheim og Paul Remi Kvandal nyt ein lunsjpause i sola.
Gunhild Gimmestad (f.v.), Anita Lothe, Unni Verlo, Brita og Ståle Austrheim og Paul Remi Kvandal nyt ein lunsjpause i sola. Foto: Katrine Fjellestad Aske
Kjellfrid Åsnes Gloppestad hadde visstnok fått turen i julegåve. Tips til kommande jul?
Kjellfrid Åsnes Gloppestad hadde visstnok fått turen i julegåve. Tips til kommande jul? Foto: Inger Johanne Blik
Holsvarden er høgste punkt på turen med 1344moh.
Holsvarden er høgste punkt på turen med 1344moh. Foto: Inger Johanne Blikra Egeland
Anonym person på veg ned frå Bærdalsegga. Det er tungt å stå på ski i fokksnø etter lang dag i fjellet.
Anonym person på veg ned frå Bærdalsegga. Det er tungt å stå på ski i fokksnø etter lang dag i fjellet. Foto: Katrine Fjellestad Aske

Skrevet av Vegard Fagerli 19. mars 2019