Nordfjordryggen 16.06.19

Flott tur i skiftande vær frå Utvikfjellet til Bjørndalen, Sandane (23km) over toppane Fløtravarden, Snøfjellet/ Grønskrea, Dunheia og Blånibba 

Denne turen har lenge stått på ønskjelista til turglade seniorar i MNT. 15 spente og motiverte turgåarar møtte opp og ville vere med over dei 4 toppane. Nokre var spente på om vermeldingane stemde og andre var opptekne av om knea tålte turen. Veret undervegs var skiftande med sol, yr, skodde, overskya og regnbyger. Ingen sure miner sjølv om utsikta frå Dunheia og Blånibba var pakka inn i skodde. For ein gjeng å ha med seg på tur. Dei heldt eit jamnt tempo, gjekk fint på rekke, var positive og i godt humør, snakkesalige og hadde omsut for kvarandre. Velkomne tilbake på tur med MNT, senior. Turleiar Bente Ellingvåg (sherpa som vi legg bilde og tekst inn i vil ikkje samarbeide og har snudde 3 bilde opp/ned)


Ut på tur aldri sur med denne gjengen
Ut på tur aldri sur med denne gjengen Foto: Bente Ellingvåg
Fløtravarden 869 moh
Fløtravarden 869 moh Foto: Bente Ellingvåg
Snøfjellet (1006 moh)
Snøfjellet (1006 moh) Foto: Bente Ellingvåg
Dunheia 1165 (moh)
Dunheia 1165 (moh) Foto: Bente Ellingvåg
Opp mot Snøfjellet
Opp mot Snøfjellet Foto: Bente Ellingvåg
Matpause i Tisthamskaret (849 moh)
Matpause i Tisthamskaret (849 moh) Foto: Bente Ellingvåg
På veg ned frå Blånibba (1067 moh)
På veg ned frå Blånibba (1067 moh) Foto: Bente Ellingvåg

Skrevet av Bente Ellingvåg 21. juni 2019