Naustdalskamben

Ved dagsturhytta på Naustdalskamben.
Foto: Irene Margrete Lunde
Onsdag 19.juni hadde MNT turlag, i lag med INT, fellestur til dagsturhytta på Naustdalskamben.
Totalt 16 stk var med på turen, som gjekk frå parkeringsplassen i Remmedalen. Frå toppen hadde vi fint utsyn utover, der eit cruiseskip var på veg heim frå fjorden. Fleire nytta høvet til å stemple på dagsturhytta (skjema for alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane). Inne i hytta vart det lagt fleire sitjeunderlag, som Husflidslaget i Eid har strikka/tova. Etter ei god kaffipause, vende vi nasa nedover att. Kjekt at så mange blei med på turen!

Utsikt utover Nordfjorden.
Foto: Irene Margrete Lunde

mot Nordfjordeid.
Foto: Irene Margrete Lunde

Nesten på toppen.
Foto: Irene Margrete Lunde