
Sunnivahornet og Vetvika

Spreke og uthaldande seniorar og andre som likar eit rolegare tempo var den 21-22 september 2019 på tur til Sunnivahornet og Vetvika.
Laurdagen var vi 9 turglade personar som gjekk på Sunnivahornet. Det høgste fjellet i Vågsøy med sine 689 meter. Vi hadde eit flott utsyn i alle retningar frå toppen.
Vi overnatta i rorbu i Kalvåg frå laurdag til søndag. Laurdagskvelden koste vi oss med god mat frå havets festbord på Knutholmen og livleg søg fram til leggetid.
Søndag gjekk turen til Vetvika, ned Fanneskaret og opp bakkane. 8 deltakarar var med på rundturen. Alle var einige i at det var ein fantastisk tur.
Gode temperaturar og eit fantastisk vær begge dagane.
Turleiar Bente takkar verdas beste gjeng for tillitten.

