Solskinstur til Gjegnen

På Galleriet
På Galleriet Foto: Gunnar Bjørlykke

Ein lang og flott dag. Vi var 12 stk som starta turen litt over kl 8 om morgonen, og returnerte til bilane nærare kl 22. 

Turlagstur på Gjegnalundsbreen
Turlagstur på Gjegnalundsbreen Foto: Gunnar Bjørlykke

Turrapport for turlagsturen til Gjegnen 2020-08-09

Det vart ekstra komplisert å arrangera turen til Gjegnen i år. På grunn av eit år med kombinasjonen av fjellsnø, vind og forseinka snøsmelting, var det mykje meir snø i området enn vanleg. Vi fekk problem med å sjekka ut ruta i Skordalen p.g.a. mykje smeltevatn, snø og snøblokker på svaberg. Det vart difor prioritert å sjekka ut ruta via Nakken og Gjegnalundsbreen, for deretter å forvissa oss om at den øvste hylla under breen ikkje var farbar (for turlaget). På grunn av taulag (og omsyn til korona) måtte vi innføra påmelding, og på grunn av stygge vêrvarsel akkurat på den oppsette laurdagen måtte vi flytta turen til sundagen. Det viste seg å vera ei god avgjerd, då den opphavlege dagen i alle fall vart temmeleg våt.

Vi enda opp med 12 deltakarar etter at 4 av ulike grunnar måtte melda seg av turen. Ruta om Nakken har vi brukt ein gong tidlegare (for 5 år sidan), og det var naturleg å nytta den turen som skjema. Også avgangen vart om lag som tidlegare: kl. 08:13.

Bortsett frå passering av ein del nedfall, var råsa relativt grei oppover Nakken. Men vi måtte gå gjennom ein del vått gras i 600 meters høgde. Vi sleit ein del med strekk i turfølgjet så det tok over 3 ½ for å nå toppen av Skordalsfjellet. Dermed låg vi 25 minutt etter skjema. Denne forseinkinga ± 10 minutt beheldt vi resten av turen.

Turen fram til breen, taulag over breen og opp til Gjegnen var rein planke. Eg bomma litt på vasskjelda sør for Skordalshornet, men fann henne til slutt. Men det var kome fram ei kjelde til, og det var også litt vatn ved starten på breen. Tau og selar la vi att ved varden for Yskneelvane-ruta, men beheldt ryggsekkane til toppen.

Komne til Gjegnen vart det brått interesse for Galleriet hjå deltakarne. Eg veit ikkje om det var siste verset i diktet om Gjegnen som var utslagsgivande. Likevel prøvde eg å forklara at det ville ta 7-8 minutt ekstra å nå dit, i tillegg til det vi alt hadde tapt av tid. Men dei fleste meinte at det var ikkje sikkert kva tid dei neste gong fekk høve til å sjå Galleriet i så godt vêr. Og det syntest eg var eit sakleg og velfundert argument. Så demokratiet sigra (kortvarig).

Så 10 av turfølgjet tråva mot Galleriet, medan dei to siste ville gå beinvegen ned att til varden for Yksneelvane-ruta. Etter eit lite opphald ved Galleriet (sjølv gjekk eg på eit sørlegare utspring for å få fotografert gruppa), tok vi beinvegen mot austenden av Gjegnenplatået og så nordsida på snøen ned til varden. Og dei to siste kom også til varden.

Når vi skulle ned den bratte renna frå topp-platået etter Skordalsfjellet, vart det litt løysing av småstein. Dette skjedde trass i at eg både for oppturen og nedturen hadde mana om god konsentrasjon og  innført ”skravleforbod” i denne bakken. Men det gjekk heldigvis bra utan nemnande skade.

På 600 meters høgde på Nakken fann eg ikkje att den rette råsa, så vi kom litt for langt ned. Vi følgde såleis hjortetrakk og terreng inntil ein i følgjet på 300 meters høgde kom med ideen om å sjekka elektroniske navigasjons-middel (som vi var godt utrusta med) for å finna att råsa. Resten gjekk stort sett greitt og vi var alle nede att kl. 21:51.

Ei ekstra takk til Irene Befring som både var deltakar og som hjelpte godt til under heile turen. Ho hjelpte til med å knyta deltakar inn i tau og førte eitt av dei 2 taulaga over breen. Det er flott når vi på turane våre får med pålitlege og røynde medlemer frå andre turlag, i dette tilfellet Indre Sunnfjord Turlag.

Gunnar Bjørlykke

Turleiar

Ned ifrå Skordalsfjellet
Ned ifrå Skordalsfjellet Foto: Gunnar Bjørlykke

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 17. august 2020