Turrapport for turen til Sygnesandsnipa 19/9-2020

Midtre Nordfjord Turlag på tur
Midtre Nordfjord Turlag på tur Foto: Gro Pleym Iversen

Topptur i strålande vær



Vi var 7 personar som klokka 9:00 starta på turen til Sygnesandsnipa frå Lunde. Det var fuktige steinar og fuktig vegetasjon innover langs elva. Vi hadde framleis litt skodde til vi var komne opp den tilrettelagde råsa i Lundeskaret. Deretter hadde vi klarvêr resten av turen. Matpause i Lundeskaret. Deretter følgde vi merkaruta vidare til høgda for Sygnesandsnipa. Det var mykje svaberg på turen og ein del vassig så vi måtte passa litt ekstra på kvar vi sette føtene. På øvste delen måtte vi også akta oss for både vatn og is. For å koma heilt opp på høgda måtte vi passera eit snøfelt med litt tendens til ising, så vi måtte finna ein stad der snøen både var rimeleg slak og lite riskofylt i tilfelle vi skulle skli.

Eg må dessverre skuffa deltakarane med at vi ved nærare ettersyn ikkje var innom Jostedalsbreen nasjonalpark i det heile på turen. Det var berre ei gammal kommunegrense vi stega innom på veg til toppvarden for Sygnesandsnipa. For dei som hugsar det, fanst det ein gong både ein by og ein kommune som hadde namnet Førde. Toppen nådde vi klokka 12:30, d.v.s. ein halv time før det skjemaet vi gjekk etter.

Vi lukkast ikkje få auga på Haugsvarden frå toppen av Sygnesandsnipa. Det var nokre skoddeskyer som stengde for utsikta i det aktuelle området. Elles hadde vi vid utsikt både i retning av Keipen, Gjegnen, Ryssdalshornet, Eggenibba og Snønipa. Det kunne også sjå ut som at vi i eit skar fekk eit lite glimt av Hurrungane. Så det vart ein skikkeleg fin dag. Topp-pausen vart fordelt med 10 minutt ved toppvarden og vel 20 minutt ved utsiktstoppen.

Nedturen gjekk i motsett retning og rekkjefølgje av oppturen. Det verka å vera eit populært turområde, for vi såg andre små turfølgje både eitt på toppen og fleire på nedturen. Vi merk oss elles at det både i vårt følgje og i dei andre var ein del ”overvekt” av kvinner. Ikkje så rart, kanskje, når mange menn er ute og ”krigar” med hjorten.

Vi hadde eit par små fall og eit kranglete kne på turen.  Det fyrste er gjerne slikt som kan skje på vått fjell eller våte steinar, og det andre når det blir mykje skrå gange på svaberg. Men klokka 17:30 var alle nede att. Så det vi tok inn på oppturen hadde vi framleis til gode på resten av turen.

Gunnar Bjørlykke

Turleiar

MNT på veg opp Lundeskaret
MNT på veg opp Lundeskaret Foto: Gro Pleym Iversen

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 21. september 2020