Dukhornet (1412 moh) - Møretur ifrå Bjørke

Pause med utsikt
Pause med utsikt Foto: Katrine Fjellestad Aske

God stemning på flott turlagstur, i varierande ver.

Turlaget på veg ned att frå Dukhornet
Turlaget på veg ned att frå Dukhornet Foto: Frode Øyen

Dag Apalseth var turleiar for oss (11) som var på Møre-tur.

Ifrå Bjørke som ligg innerst i Hjørundfjorden i Ørsta kommune, køyrde vi vidare nokre minutt til den vesle bygda Finnes der vi køyrde på bomveg opp på nesten 300 moh til munningen av Bakkedalen.

Vi gjekk opp mot Russadalen, der det er ein del skog og kan vere litt vanskeleg å finne rås.

I ca 700 meters høgde dreia vi vestover og fylgde fjellryggen som går til høgde 1136. Ein liten kneik venta oss då vi nærma oss den flate snødekte toppen av Dukhornet.

Stigning: 290 moh-1412 moh

Distanse. ca 3 km (ein veg)

Estimert tidsbruk til toppen: ca 3 timar

Krevande (Middels tung topptur)


Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 29. oktober 2021