Triveleg familieskitur!

Foto: Paul Jacob Helgesen

Her kan du lese turrapport frå BT Eid sin familieskitur i Hjelmelandsdalen 6. mars 2016.

Godt vær og fint føre bidrog til at til saman 26 ungar og 19 vaksne deltok på Barnas Turlag i Eid sin skitur i Hjelmelandsdalen. Vi gjekk 1 km innover Postvegen i flotte løyper. Det hang turtipp langs med løypa som både små og store kunne svare på. I krysset ved Mørsynnøvebakken hadde turleiarane gjort klart med varm bålpanne og "mål-banner" med Turbofamilien på. Her laga vi også  i stand ei slalomløype og hadde "fang koppen"-leiken. Fire heldige vinnarar av turtippen vann kvar sin alt-i-eitt turbestikkbestikk med kniv, skje og gaffel. Alle ungane fekk kjeks-premie! Turboreven var veldig glad for å få sitte på fleire små ryggar gjennom heile turen. At sola titta fram var ein god bonus. Det vart ein fin-fin søndagstur! Takk for frammøtet til små og store :-) Neste fellestur er planlagd den 24. april. Då vert det sykkeltur rundt Leivdalen. Meir info kjem her på sida vår! 

Ved Naustdalssetra
Ved Naustdalssetra Foto: Ragna Flatla Haugland
Turboreven satt trygt på denne ryggen heile vegen inn til bålplassen!
Turboreven satt trygt på denne ryggen heile vegen inn til bålplassen! Foto: Ragna Flatla Haugland