Fin sykkeltur på Hjelle

Turbo  på eit trygt fang. Klar for sykkeltur!
Turbo på eit trygt fang. Klar for sykkeltur! Foto: Line Anita Lien Botn

Sometimes it snows in April... Men mellom snøbygene fekk vi oss ein fin sykkeltur med vår i lufta og glimt av sol i dag! 

40 barn og voksne var med på dagens sykkeltur ilag med Turboreven og Barnas turlag i Eid. Vi starta samla frå Hjelle skule og sykla innover i Leivdalen.  Omtrent halvveis på turen fann vi oss ei slette og her tok vi ein pust i bakken og noko å bite i. Vi koste oss med medbrakt niste, og alle barna fekk også smake kjeks som Turboreven spanderte. Etter pausen ville nokre sykle same veien tilbake, og resten sykla vidare og fullførte runden rundt Leivdalen. 

Tusen takk for ein kjekke sykkeltur! 

Helsing Janne,  Line og Turbo