Fellestur til Gjegnen

Gjegnen

Foto: Gunnar Bjørlykke
Foto: Gunnar Bjørlykke

19 flinke deltakarar på Gjegnen 1670 moh

Klikk her for å skrive tekst.

Foto: Gunnar Bjørlykke
Spreke ungdomar!
Spreke ungdomar! Foto: Gunnar Bjørlykke

Referat frå turlagstur til Gjegnen 6/8-2016


Dagen møtte meg med regnver på Sandane, men minka ned til det som nesten kan kallast opphaldsvêr i Hyen (berre litt småregn). Det vart totalt 19 personar på turen, av ypperste kvalitet, sidan det dårlege vêret ikkje hadde klart å skræma dei andre bort. Eg var i forkant litt nervøs for kapasiteten til parkeringsplassen ettersom både MNT og IST skulle ha tur i lag. Difor hadde eg spurt grunneigaren Ola Jan Birkeland på førehand om han kunne avsjå litt parkeringsplass om det var trong for det. Der var berre velvilje, og han hadde til og med flytta reiskap, sjølv om han hadde hatt det travelt med hausta inn hoslåtten dagen før. Men takka vera vêret vart det behov for berre ein plass som tillegg til parkeringsplassen.

Vi starta på turen innover Skordalen 08:05. Med regnbukser den fyrste timen innover til Skordalsbotnen. Framme til fyrste pausen 09:55 med drikkevatn på hylla som går oppover mot Gjegnabu. Så var det langs hylla eit lite stykke og ned att i dalbotnen.  Svabergsryggen der var turr og grei å gå på. Så for det meste på snø resten av Skordalen. Det var framleis nok snø til at vi kunne sleppa å kliva hyllene i botnen av dalen. Så opp til den øvste hylla mot breen og passering der heilt nede på kanten mellom snøen og skråstilte svaberg. 12:15 hadde vi pause på midten av hylla og kunne fylla drikkevatn for toppturen. Så mykje på snø der vi gjekk i kanten til det hadde flata ut og vi kunne gå rett mot toppen. Framme 13:55. Skodde på toppen. Då det lysna litt vart deltakarane elleville og skulle fotografera. Vi gjekk så mot Galleriet i von om å få utsikt der. Men skodda tetta til att før vi nådde fram. Skodda kom og gjekk og vi venta og venta. 14:50 måtte vi starta på nedturen. Nådde den øvste pauseplassen 15:45, den nedste 17:50. Alle fysisk uskada nede att på Hope 19:44.

Foto: Gunnar Bjørlykke

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 8. august 2016