Båtrace og solglimt i Orheimsbotnen

Turglede i Orheimbotnen
Turglede i Orheimbotnen Foto: Line Anita Lien Botn

Etter mange dagar med regn og styggevær våkna vi til lett skydekke og glimt av sol! Dette lokka mange ut på tur, og i alt 55 barn og voksne tok turen i Orheimsbotnen ilag med Turboreven og Barnas Turlag. 

Det var litt vått på veien oppover, men vel oppe var der fint. Det var tent opp i bålpanne, og mange grilla seg ei pølse og koste seg med anna niste. Det vart delt ut stempel med Turboreven på handa til alle som ville ha. Dagens høgdepunkt var båtløpet i den lille elva, alle som ville fekk utdelt kvar sin papirbåt som dei teikna og skreiv navn på. Etterpå starta alle båtane  i enden av elva til kappløp, medan eigarane fulgte spent med fra elvekanten, nokre båtar sank underveis og nokre spora av og måtte få litt hjelp, men dei fleste kom heilt fram til målstreken til stor jubel fra eigarane. Nokre av dei voksne prøvde seg og på litt hesteskokasting.
Tusen takk til alle som kom og var med oss på tur!
Helsing Katrine, Line, Gjermund og Turbo

Båtrace i bekken!
Båtrace i bekken! Foto: Line Anita Lien Botn