Vetledalen
Vetledalen Foto: Katrine Fjellestad Aske

Myklandstøylen - Longevasshytta - Fitjevårstøylen

Open seniortur frå Kandal - Longevasshytta - Fitjevårstøylen. Vi gjekk 12,2 km laurdag og 15,7 km søndag, seniorane "våre" er spreke!

Vi gjekk kl 13 frå Myklandstøylen i strålande sol. Turen gjekk i roleg tempo med gode pausar. Fyrste etappe gjekk inn Myklandsdalen. Der tok vi ei pause når vi hadde fått litt stigning. Vidare gjekk vi bratt opp i Vetledalen, deretter opp i Kattedalen. Kandalen har virkeleg mykje fin natur å by på, i tillegg må vi skryte litt av "Kandølingane". Arve Kandal og Jostein Fuglestrand hadde lagt ut brua til oss, i tillegg til å re-merka heilt over til Jølster-sida av Kupeskaret! Dei gamle merka viste så og seie ikkje, no gjekk vi trygt etter raude T-ar. Vi kom fram til Longevasshytta litt over kl 19, då hadde vi gått 12,2 km og hatt 4 matpauser i tillegg til mange fotopauser.

Turen starta i Gloppen, så var vi innom Jølster før vi overnatta på Longevasshytta i Naustdal.

Søndagen starta vi 8:45 og kom snart over grensa til Gloppen att. Vi gjekk gjennom Blådalen, Fagredalen og Langedalen. Ein lang og fin tur. Vi kom på Fitjevårstøylen kl 16:45, etter 3 matpauser og fleire kortare pauser. turen mellom Longevasshytta og Fitjevårstøylen er 15,7 km. Merkinga frå Longevasshytta til Fitjevårstøylen er nesten usynleg. Jon Otto Mardal har gjort ein imponerande jobb med plassering av stein og heller i Langedalen. 

Begge dagane hadde vi fint ver, om natta var det regn, så vi kjende oss heldige.

Vi fekk to dagar i variert og vakker natur, med spreke seniorar!


Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 22. august 2016