Eit ertande lite glimt av delar av Lodalskåpa på returen
Eit ertande lite glimt av delar av Lodalskåpa på returen Foto: Gunnar Bjørlykke

Lodalskåpa - tøff tur


Turrapport for turen til Lodalskåpa 14/8-2016


Klokka var over 8:40 før vi kom av garde frå parkeringsplassen ved Bødalsætra. Deltakarlista stemte ikkje heilt då det mangla ein person i tillegg til ein som hadde meldt seg av, men som eg ikkje hugsa namnet på. Ved Bødalsætra stod det ein deltakar som både hadde misforstått frammøtestaden og at vi skulle ha fullstendige selar for brevandring. (Mange trur dessverre frå forenkla praksis ved klatring i vegg at sitjeselar er greitt nok også for anna.) Han vart sendt tilbake til parkeringsplassen for å henta manglande utstyr, medan resten heldt fram vidare. Ved avslutninga av pausen på Fessene vart vi samla og kunne halda fram vidare. Etter ein pause  med vassfylling ved starten på Brattebakken nådde vi varden ved K88 tett før 12. Bohrsbreen var tidkrevjande å passera. Blåisen var komen fram og både fordjupingar og sprekkar var fylte med nysnø, så vi måtte sjekka for sprekkar mykje meir omfattande enn normalt.Ein person kom utanfor sporet og klarte å trakka gjennom, men det gjekk greitt og skjedde ikkje meir. Ved oppstigninga frå Bohrsbreen var mykje av snøfonna som vi vanlegvis nyttar borte. Det vart difor å gå i mykje skummel steinurd. Resten opp til pausen før Veslekåpa gjekk greitt, sjølv om det var eit parti med urd og snø mellom steinane. Alt hadde likevel teke mykje tid så klokka var 14:05 før vi kunne gå vidare mot Kåpa. I skråninga ved Veslekåpa synest eg at det var mindre snø enn normalt, men topplaget med nysnø var for så vidt greitt å gå i. Når vi kom opp på ryggen mellom kåpene, var det ein kant med nysnø, i tillegg til at skodda var tett. Difor var det vanskeleg å finna ut kvar sprekka der går.  Prøvde difor å gå som eg trudde eg skulle utan å vita dette heilt sikkert. Vidare opp under Kåpa gjekk det greitt og så opp snøbreen i Hanken. Nysnøen der var for så vidt grei å gå i, men laget vart tynnare lengst oppe. Klokka var då vorten 15:00 og Lodalskåpa som låg i skodde hadde vi ikkje fått eit glimt av på heile turen (og ikkje seinare heller). For di ein tur til toppen ikkje ville gitt oss noko utsikt, nysnøen på fjellet ville gjort oppstigninga glatt og litt utrygg og for di vi hadde tapt så mykje tid over Bohrsbreen, oppstigninga derifrå og forbi Veslekåpa, valde eg å snu tilbake. Ein del ”troféjegerar” vart nok litt skuffa, men dei bør no ta ein tur til for å få med utsikta. Og då er det betre å gå opp på berrt fjell enn på foræderisk nysnø. Til og med fastare gammal snø ville vore mykje betre. På tilbaketuren tok vi ein solid pause før nedstigninga til Bohrsbreen for å få opp blodsukkeret før den skumle nedstigninga gjennom den lause steinurda. Tilbake over Bohrsbreen gjekk det heilt fint sidan vi kunne nytta same sporet som på framturen. Brattebakken tok vi som vanleg ned snøbreen. Resten av turen gjekk greitt, og deltakarane var svært disiplinerte utan å halsa heim att. Frå 19:30 og utover nådde deltakarane parkeringsplassen og kunne levera inn at utstyret. Under turen leia Willoch Aanonsen eitt av dei to taulaga og gjorde ein flott innsats. Det var også med ein yngre deltakarar som hadde fersk breopplæring og som kom med flotte og konstruktive innspel. Kanskje ein vi kunne rekruttera til slike turar?


Gunnar Bjørlykke


Vi kom dessverre ikkje på Lodalskåpa, men snudde om lag 100 m under toppen

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 23. august 2016