Kom deg ut-suksess i Eid

Ponniriding var veldig populært! Takk til OMC Shetland Pony Stud.
Ponniriding var veldig populært! Takk til OMC Shetland Pony Stud. Foto: Katrine Aardal

Om lag 70 ungar og 60 vaksne fann vegen til Naturmøteplassen i Kjølsdalen då Barnas Turlag Eid og Trekløveret 4H frå Kjølsdalen arrangerte Kom deg ut-dag søndag 4. september. 

Kom deg ut-dagen bydde på mange ulike aktiviteter: Ponniriding, snikkering av fuglekasser, bretting av papirbåtar, papirbåtseilas og vassleik i bekken, teikning inne i grindbygget, turtipp rundt møteplassen og fisking for dei som ville ta turen opp til Ljådalsvatnet. BT Eid stilte med varme bålpanner og her var pølser sponsa av Nortura til alle ungane, bålkaffe til dei vaksne, saft, kake og popcorn poppa på bålpanne. Dette vart ein veldig kjekk dag både for unge og vaksne, og totalt var her i overkant av 130 personar innom med stort og smått, noko arrangørane i BT Eid er veldig godt nøgde med! Alle ungane fekk kvart sitt Barnas Turlag refleksband og det vart trekt ut vinnarar frå turtippen som fekk fine Barnas Turlag-premiar. 

Vi vil spesielt takke OMC Shetland Pony Stud for at dei stilte opp med ponniar. Riding var ein veldig populær aktivitet. Takk også til Trekløveret 4H for materialar til fuglekasser, den gode hjelpa de gjorde på Naturmøteplassen og ikkje minst for lånet av den flotte plassen de har laga til!

Og har du ikkje vore på Naturmøteplassen i Kjølsdalen før, så bør du absolutt ta turen. Her er det veldig flott og godt tilrettelagt for tur, leik og kos for ungar og vaksne i alle aldre. 

NB! Det er supertilbod på medlemskap i DNT om ein melder seg inn via internett i dag og i morgon 5. sept. https://www.dnt.no

Takk for ein vellukka Kom deg ut-dag! Vi sjåast :-) 


Skrevet av Ragna Flatla Haugland 4. september 2016