Trollvasstinden på Møre

Foto: Gunnar Bjørlykke

Vi var 6 som tok ein laurdagstur til Trollvasstinden i Volda. 

Vi var 6 stk som gjekk turen frå Bjørkedalen til Trollvasstind. Kjøyrde bomvegen oppover eit stykke og parkerte ved brua. Herifrå eit lite stykke på veg før vi tok av på skogsveg gjennom granfelta. Så eit par hundre høgdemeter i skogsterreng på ein veldig svak sti. Noko merking her og der, men ikkje mykje brukt. Over skoggrensa gjekk vi nordover inn Tuvedalen, mellom Storetuva og Litletuva. Her er ingen sti, men lettgått. Oppe på ryggen er det lett vidare mot Bytingstinden. Rett under denne er det nokre få vardar og steinar på høgkant som viser ruta bortover i vestsida. Ikkje vanskeleg, men vi gjekk nokre meter for lavt. På returen traff vi bedre denne råsa. Opp mot Trollvasstinden var det ein del vind. Skodda la seg så vidt nedpå toppen, slik at den store kosestunda med glimrande utsikt i alle retningar uteblei. Valget vart difor å returnere ganske snart. Sidan det var det var såpass surt droppa vi Bytingstinden sjølv om det berre var eit par steinkast opp. Nedover mot Tuvedalen letta skodda, og vi hadde utsikt til mange andre toppar, Matøskja, Store Toren, Lissjetoren, Felden, Løsethornet mm. Vi brukte totalt 5 timar på turen, i roleg fint tempo. Litt skodde og vind på toppen la ingen stor dempar på stemninga, deltakarane var fornøgde med turen. Synd ikkje fleire vart med. Trollvasstinden er ein flott topp som er verdt å besøke.

Lisje-Toren
Lisje-Toren Foto: Katrine Fjellestad Aske

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 26. september 2016