Sykkeltur i solskinn

Sjå bilete frå sykkelturen til Asbjørnstova med Barnas Turlag Eid! 


Til saman var vi 23 born og vaksne som fann vegen til Asbjørnstova frå Tua i dag. Dei fleste sykla, nokon gikk på beina, medan andre sat i sykkelvogn, meis eller barnevogn. Vi hadde også med ein rev (Turbo) og ein hund (Mira). Vi fyra opp i grillhytta og i bålpanna ute og varma oss lunsj og kaffi. Ungane hadde det moro med leik og teikning medan dei venta på maten, og pil- og bogeskyting før vi fôr heimover. Det var mykje anna turfolk å treffe i Fladalen i haustsola. Her er det flott å vere på tur, og Asbjørnstova bør ein kvar ta turen innom. Takk for turen og frammøtet!