Nitti på lommelykttur!

Stemningsfullt på lommelykttur.
Stemningsfullt på lommelykttur.

Det var ei lang lysrekke som snirkla seg oppover i skogen på Stårheim på søndag. Nitti små og store deltok på lommelyktturen, og jammen kom Turboreven også! 

Turen gjekk frå Stårheim barnehage, oppover i skogen bak Myrhold og vestover på skogsvegen inn til ein stor velteplass. Det var hengt opp refleksar som synte oss vegen, og nokre av ungane var opptekne med å telle kor mange dei såg på veg opp gjennom skogen. Ute på velteplassen var det faklar og pålpanner som brann, og fullmånen gjorde at stemninga vart fullkomen. Jammen kom Turboreven traskande og møtte oss også, og det var mange som var modige og ga han ein klem. Heile nitti personar møtte fram og det var overrekking av premiar til alle dei femti ungane som har delteke på Turbotrimmen i år. Dei fekk flotte premiar frå Barnas Turlag; lue og nøkkelring til alle, og ein turkopp i tillegg til dei som hadde gått alle sju turane. 2016 har vore eit godt år med stor medlemsvekst, godt frammøte og nye aktiviteter som Turbotrim og Torsdagstrill. No er vi like oppunder 100 medlemmer i Barnas Turlag Eid, 500 personar har delteke på fellesturane våre og i Turbotrimbøkene har vi talt 1200 besøkande til saman på dei sju turane. Flott! Styret takkar for i år og ønskjer velkomne på tur i 2017, som startar med Kom deg ut-dag den første søndagen i februar.  

Skrevet av Ragna Flatla Haugland 13. november 2016