Kjekk KOM DEG UT-dag på Plassen

Sjølv om vi ikkje kunne ake eller gå på ski, så vart det ein veldig kjekk Kom deg ut-dag på Plassen i Eid.

Om lag 150 barn og vaksne fann vegen til amfiscena i Malakoff på vintarens Kom deg ut-dag. Her var det god fyr på bålpannene og små og store fekk seg pølse, pinnebrød, saft og kaffi. Veldig mange ungar spikka seg fine grillspyd; ein så populær aktivitet at arrangøren gjekk tom for emner. Pinnebrøddeig vart det også tomt for... Nesten alle gjekk naturstien og truleg lærte dei frammøtte litt meir om fjellvettreglar, som var tema denne gongen. Speidargruppa bidrog med kjekke aktiviteter og mange fekk prøve seg på å kaste hestesko med Midtre Nordfjord Hesteskoklubb. Tusen takk for at de ville vere med å gjere dagen kjekkare for oss i turlaget! Inne i den lune lavvoen kosa små og store seg med lesetund, der dei m.a. fekk høyre om kor kjekt det kan vere å gå på oppdagingstur til krattet i hagen. Her var også lisje-Turboreven, og han var glad for selskap no etter ein lang og mørk vintar utan så mange turar. Det vart delt ut Turbotrimkort til dei medlemmane som møtte fram. Dei som ikkje kunne kome vil få dei i posten om nokre dagar. Til slutt ropar vi høgt HURRA for dei 32 nye medlemmene vi fekk i dag! Styret takkar for ein litt hustrig, men veldig triveleg Kom deg ut-dag! 

På turquizen kunne ein lære kva ein må ha med på tur.
På turquizen kunne ein lære kva ein må ha med på tur. Foto: Katrine Aardal